NRK Meny
Normal

Sommarrevyen i Mandal veks

Revyen veks kvart år i både kvalitet, profesjonalitet og talet på publikum. Laurdag gjekk årets siste førestilling i Mandal.

Sommerrevy Mandal 2009

Kvaliteten har blir god på revyen i Mandal.

Foto: Sigtor Kjetså/NRK

Det er den sjette sommaren Svein Lindland lagar sommarrevy i Mandal. I år har kring 4200 personar vore innom førestillinga «Den gang da».

Nøgd revysjef

– Vi er særs nøgde med publikumsoppmøtet i år, seier Lindland som er revysjef, skodespelar og songar.

– Det har auka med 1000-1200 kvart år dei siste åra. Kvaliteten på revyen har også vakse. No er vi der vi ynskjer å vere med proffe folk i kvart ledd. Vi er tre skodespelarar som har utvikla innhaldet i revyen saman, og med denne oppslutninga satsar vi friskt mot ny oppsettjing neste sommar.

Rybak-parodi

– Revyen har ikkje vore markandsført mykje i kristiansandsområdet endå, så vi reknar med at det er mogleg med endå større besøk dei neste åra, seier han.

Sommarrevyen Mandal 2009

Parodi av Alexander Rybak.

Foto: Sigtor Kjetså/NRK

Grand Prix-vinnar Alexander Rybak var blant personane som var med i sketsjane. Det same var Blues Brothers. Nytt av året av eit skikkeleg band som sørga for god musikk.

– Dette satsar vi på å få til i framtida også, seier han.

– Godkjent

Det var god stemning i salen, og publikum var godt nøgde med det dei fekk sjå. Kjærasteparen Janne Formoe og Jan Fredrik Karlsen var i salen. Karlsen har tidlegare vore dommar i Idol og Norske Talentar.

– Går dei vidare, Karlsen?

– Ja, hundre prosent! Dette var fantastisk bra. Dei går lett vidare, sa ein blid Karlsen til NRK.

Det må vere ein god dom frå den kjende dommaren.

Sommarrevyen Mandal 2009

Over 4000 har besøkt revyen som har gått frå 19. juni til 4. juli.

Foto: Sigtor Kjetså/NRK