NRK Meny
Normal

Solid forsvar skal senke Byåsen

Det defensive spelet vil bli avgjerande når Vipers Kristiansand tek imot Byåsen i Karusshallen laurdag.

Peder Langfeldt, Vipers Kristiansand

FORSVAR: Vipers Kristiansand-trenar, Peder Langfeldt, meiner forsvaret blir avgjerande for om Vipers skal ta poeng mot Byåsen laurdag.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Vi må halde Byåsen nede på eit akseptabelt nivå når det gjeld baklengsmål. Elles vil det bli særs vanskeleg, seier trenar Peder Langfeldt til NRK.no.

For det har blitt for mange baklengsmål i dei siste heimekampane mot Byåsen. På dei to siste kampane mot trøndarane i Karusshallen har laget sluppe inn 31 mål i kvar kamp.

Har trua

– Det er litt for mange og vi må ha under det for at vi skal vinne på laurdag, seier Langfeldt.

I går gjennomførte laget ei roleg treningsøkt i Karusshallen. Der var også gravide Kristine Lunde Borgersen på plass. Ho trur det er mogleg å tukte Noregs nest beste lag på laudag.

– Eg trur nok at vi har trua på at vi skal gje dei veldig god kamp. Så får vi sjå kva stillinga blir til slutt. Eg trur vi må konsentrere oss om oss sjølve. Samstundes må vi sjå litt på kva dei er sterke på. Men å ha fokus på eige spel er det viktigaste, seier Lunde Borgersen.

Kristine Lunde Borgersen og Peder Langfeldt, Vipers Kristiansand

DISKUSJON: Vipers-trenar Peder Langfeldt i samtalar med Kristine Lunde Borgersen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Stjernegalleri

Med stjernegalleriet sitt blir Byåsen tøffe å stoppe for jentene frå Kristiansand. Trøndarane har fleire landslagsspelarar på laget, blant andre profilane Camilla Herrem og Ida Alstad.

– Dei har landslagsspelarar på kvar plass, så vi er nøydde til å prestere heile gjengen. Elles vil dei lage mykje mål på oss, seier Langfeldt.

Han lovar kamp om poenga i laurdagens eliteseriekamp.

– Eg håpar vi kan vinne, og om vi gjer det med eitt mål er jo det maksimalt, seier han.

– Støtt opp

– Det er mange som alltid har sagt at dei ynskjer eit lag i toppen av eliteserien. Viss publikum har lyst til det får dei stille opp i Karusshallen og hjelpe oss. Så håpar eg at det inspirerer folk til å komme tilbake fleire gonger, slik at vi kan fylle opp hallen og ta steget opp mot medalje, som er målet på sikt, seier han.

Kampen mot Byåsen startar klokka 15 laurdag.

Veronica Kristiansen, Vipers Kristiansand

PÅ HUGGET: Veronica Kristiansen bomma på skuddtreninga og sette inn fleire hyl under økta i Karusshallen torsdag kveld. - Eg vert sint når eg ikkje treff slik eg vil, ler lysluggen.

Foto: Sander Heggheim/NRK