Hopp til innhold

Vipers vann cupfinalen igjen

(Vipers - Sola 29-16):Vipers Kristiansand var storfavoritt til å vinne cupfinalen i handball. Men Sola yppa seg mot stjernegalleriet til Vipers. I alle fall i 50 minutt.

Ragnhild Valle Dahl og Emilie Hegh Arntzen jublar for nytt Vipers-gull.

– Det er alltid like gøy å vinne kampar og titlar. Det er målet kvart år. Det var ikkje den beste kampen, men det er godt å ha nokre kampar under beltet før semifinale i meisterligaen, seier Vipers-spelar Emilie Hegh Arntzen til NRK.

Sola har hatt ein kjempesesong med bronse i eliteserien og sin første cupfinale.

Det var få som gav dei noko som helst sjanse mot Vipers Kristiansand, som skal spele semifinale i meisterligaen i slutten av mai.

Men Camilla Herrem og lagvenninnene skapte spenning i cupfinalen.

– Taktisk sterk kamp

Dei brukte lang tid i alle situasjonar for å dra ned tempoet i kampen. Dei stoppa nesten alle innspel til Heidi Løke i første omgang.

Samstundes plukka Sola-keeper Kimberley Megan Ewanovich mange ballar.

– Ein taktisk sterk kamp av Sola, seier NRKs handballekspert Peder Langfeldt.

Åtte minutt ut i kampen leia faktisk Herrem og co. 4-3, før Henny Reistad og Vipers vakna. Det var berre to mål som skilde laga til pause. Vipers leia 10-8.

T4vuiKXePyw

Sola-keeper Kimberley Ewanovich-Bleivik leverte ein god cupfinale.

Foto: Carina Johansen / NTB

Vipers reiste seg

I andre omgang fekk Vipers til sitt spel. Henny Reistad og Nora Mørk fekk ballen i nettet, og dei fekk til innspela til Heidi Løke på streken.

Ti minutt ut i andre omgang viste tavla 17-10 til Vipers.

Sola gav seg ikkje. 14 minutt ut i omgangen var dei berre fire mål bak.

Men så var det slutt.

Dei siste ti minutta vart ein parademarsj for sigersvande Vipers-jenter. Katrine Lunde redda det meste. I andre enden var det Reistad og Mørk som styrte showet.

– Vi slurvar og bommar litt, men det held her i cupfinalen. Men det vil ikkje halde i Final four og mot CSKA Moskva, seier Vipers-trenar Ole Gustav Gjekstad.

Dei vann til slutt cupfinalen 29-16 og vann sin fjerde strake cupfinale. Tysdag tok dei sitt fjerde strake seriegull. Dette var den siste kampen på norsk jord som Vipers-spelar for ei rekkje spelarar. Blant andre Malin Aune.

– Det er litt spesielt og rart at det kun er ei helg igjen. Det blir veldig rart å reise. Men eg får prøve å ta nye steg i ein annan klubb, seier Aune.

Neste utfordring for Vipers blir altså semifinale i meisterligaen mot CSKA Moskva siste helga i mai.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %