Hopp til innhold

Søkjer flyvertar som kan danse

Det nye sørlandske reiseselskapet Fly Nonstop ynskjer å tilsetje flyvertar og vertinner med utdanning innan dans og drama. Samstundes er dei klar på kven dei ikkje vil gi jobb.

logo fly

Fly Nonstop veit kva typar tilsette dei vil ha.

Foto: Aud Kathrine Danielsen / NRK

– Vi vil ha folk som har gått musikk- eller dramalinje som er vande med å by litt på seg sjølve, seier marketingdirektør i reiseselskapet Espen Hennig-Olsen til NRK.no.

– Det stod f, u, c, k

Espen Hennig Olsen

Espen Hennig-Olsen vil ikkje tillate synlege tatoveringar eller piercing blant flyvertane i det nye reiseselskapet Fly Nonstop.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

Bakgrunnen for dette er ei flyreise Hennig-Olsen sjølv var ute på for ei tid tilbake. Direktøren fekk seg nemleg ei overrasking då han vart servert kaffi av ein flyvert.

– Eg studerte knoken hans medan han serverte meg. Der stod det f, u, c, k. Slik vil vi ikkje ha det, seier han.

I tillegg til folk med musikk- og dramabakgrunn er han altså klar på kva folk reiseselskapet ikkje ynskjer når dei jaktar folk. Synlege tatoveringar eller piercing vil ikkje vere lov blant deira tilsette.

I tillegg lokkar Fly Nonstop med «løn utbetalt i himmelen» i jobbannonsane sine.

– Vi flyr ganske høgt, 41 000 fot. Nærare himmelen kjem du knapt. Du kan ta med lønningsposen opp der, så vi har litt glimt i auget på akkurat den der, seier han.

Nyetablert

Reiseselskapet vart etablert i oktober i fjor og skal ha åtte direkteavgangar frå Kristiansand lufthavn Kjevik til ulike storbyar i Europa.

Blant destinasjonane er London, Nice, Barcelona og Paris.

Fly Nonstop startar sine flygingar 25. april i år.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %