Hopp til innhold

Søk avslutta etter funn av kantra båt

Alle søk er avslutta ved Lyngholmen utanfor Brekkestø etter at politiet laurdag morgon fekk meldingar om ein båt som hadde kantra.

Brekkestø

Politiet har avslutta søket ved Lyngholmen utanfor Brekkestø etter meldingar om ein kantra båt.

Foto: Sigbjørn Kristiansen / NRK

– Alle søk i både sjø og luft er avslutta utan funn, opplyser politiførstebetjent i Agder politidistrikt Hans Waage.

Hans Waage

Politiførstebetjent i Agder politidistrikt Hans Waage.

Foto: Sigbjørn Kristiansen / NRK

Naudetatar rykka ut til Lyngholmen utanfor Brekkestø laurdag morgon etter meldingar om ein 31 fots båt som låg med botnen i været.

Ifølgje Waage er det ingen indikasjonar på at personar skal vere i nød.

Sidan klokka åtte laurdag morgon har KRB Kristiansand, politiet, Sea King-helikopter, dykkarar og Røde Kors søkt i området ved Lyngholmen etter personar.

– Vi fekk ei melding rundt klokka åtte i dag tidleg om ein båt som var kantra og mogleg drukning utanfor Brekkestø, opplyser Håkon Kristoffersen, utrykkingsleiar i KBR Lillesand.

Då dei kom fram var båten gått ned.

– Vi har søkt gjennom båten utan funn. Vi har snudd båten og tømt den for vatn, og det er ingen personar i båten. Vi har også dykka i eit stort område, men ikkje sett noko teikn til nokon personar, seier Kristoffersen.

Båten har blitt taua til land, og skal fraktast til Lillesand.

Det vist seg at båten var blitt stole frå Høvåg i løpet av natta.

Politiet ber personar som har kjennskap til båten ta kontakt.

Kantring Brekkestø

Naudetatar på staden ved Lyngholmen utanfor Brekkestø.

Foto: Sigbjørn Kristiansen / NRK
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %