Søgne held fram med kontantstøtte

Søgne kommune held fram med ordninga med kommunal kontantstøtte for toåringar.

Jente leker alene på lekeplass

Framleis skal toåringar i Søgne få kontantstøtte.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Det har det politiske fleirtalet med ordførar Åse R. Severinsen i spissen avgjort.

Rådmannen anbefalar å kutte ordninga, men det blir det førebels ikkje noko av.

Åse R. Severinsen

Ordfører Åse R. Severinsen i Søgne.

Foto: Tom Nicolai Kolstad/NRK

Delte meiningar

Søgne-ordføraren vedgår at det var delte meiningar om kontantstøtta.

– I Høgre i Søgne var det delte meiningar, men vi har ei avtale og den held vi oss til, seier Severinsen til NRK.

– Kva tykkjer du sjølv?

– Eg er veldig i tvil. Eg ser veldig tydeleg at eittåringar kan ha godt av å ha ro ei stund til, men så er det slik at ein må gjere eit val. Det må takast i den enkelte familie tenkjer eg, seier Severinsen.

Kommunen har hatt ei prøveordning i eitt år. Saka skal endeleg avgjerast i kommunestyret.

Siste nytt fra NRK Sørlandet