Hopp til innhold

Søgård og Lund Hansen frå start

Alexander Lund Hansen vaktar Start-buret i den viktige kampen mot Sogndal. Sisteskansen får dermed fornya tillit etter cupkampen mot Alta.

Alexander Lund Hansen

TILLIT: Alexander Lund Hansen står i mål mot Sogndal.

Foto: Schrøder, Tor Erik / Scanpix

I tillegg får Espen Søgård tillit frå start på Fosshaugane Campus. Søgård debuterte for sørlendingane i cupkampen mot Alta førre helg. Dette blir debuten i eliteserien for Start.

– Det vert ein tøff kamp mot eit hardtarbeidande lag. Vi er nøydde til å vere på hogget, seier Søgård til ikstart.no.

– Mange duellar

Even Hovland

SKADA: Even Hovland står over mot Start på grunn av skade.

Foto: Steinar Lote / NRK

Sørgård har sjølv vore med på å tape på Fosshaugane tidlegare denne sesongen. I mai tapte Lillestrøm 1–3.

– Den gang var det labert og det vart tap på ei veldig gjørmete bane. Håpar forholda er betre no. Det er uansett ei lita bane, så det vert mange duellar, seier han.

Tidlegare har midtstoppar Jesper Mathisen påpeika kor viktig det blir for Start å unngå tap i Sogndal.

– Vi må i alle fall ha poeng. Vi er på botnen og treng minst fire poeng i dei to siste kampane. Får vi ikkje det blir det frykteleg vanskeleg, seier Mathisen til NRK.no.

Hovland ute

Hos heimelaget er det klart at Even Hovland må stå over også mot Start. Midtstoppartalentet slit framleis med ein skade. Det same gjer veteranen Tore André Flo.

Sist dei to laga møttest vart det uavgjort 1–1 på Sør Arena. Mons Ivar Mjelde har framleis til gode å vinne ein seriekamp etter at han tok over som trenar i sørlandsklubben.

Følg kampen LIVE her

Sogndal – Start 18.00
Fosshaugane Campus

Sogndal (5-3-2): Kenneth Udjus – Mats Goberg Solheim, Vegard Heggenes Gjermundstad, Per Egil Flo, Isak Scheel, Henrik Furebotn – Ahyee Aye Elvis, Ole Jørgen Halvorsen, Ørjan Hopen – Cato Hansen, Eirik Bakke

Start (4-4-2): Alexander Lund Hansen – Amin Nouri, Avni Pepa, Jesper Mathisen, Rolf Daniel Vikstøl – Espen Hoff, Espen Søgård, Christer Kleiven, Espen Børufsen – Ole Martin Årst, Olav Tuelo Johannesen

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %