Henta med luftambulanse etter snøskuterulykke

Ein person er send til sjukehus etter ei snøskuterulykke i Bykle.

Laster kart, vennligst vent...

– Ulykka skjedde i samband med frakt av gods. Pasienten har vore bevisst heile tida, seier operasjonsleiar Per Kristian Klausen i Agder-politiet.

Ifølgje operasjonsleiaren skal personen ha pådrege seg skade i ryggen.

Ulykka skal ha skjedd ved Holskroni i Bykle. Snøskuterføraren vart send til sjukehus i luftambulanse.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 11.07.

Dei opplyser samstundes at dei ikkje rykker ut til hendinga.