Hopp til innhold

Snipp snapp snute, så var ØIF ute

ØIF ARENDAL - RUNAR 23-26 (13-14): ØIF Arendal drøymde om å ta sin tredje tittel denne sesongen. Den draumen vart knust av Runar.

ØIF slipper inn ball

ØIF-keeper Svenn Erik Medhus sleit i første omgang, men slo tilbake i siste halvdel.

Foto: Leif Dalen / NRK

– No tykkjer eg spelarane berre skal gå heim å skamme seg. Dette var elendig, seier trenar Marinko Kurtovic til NRK etter kampen.

ØIF Arendal sleit store deler av kampen med å få has på Runar.

Arendalittane møtte eit hardtkjempande Runar-lag som ikkje gav noko gratis i duellane.

I første omgang hadde ØIF store problem med å trenge gjennom eit sterkt Runar-forsvar.

– Vi er aldri på hugget i denne kampen. Det er rett og slett ikkje godt nok. Det er ein skuffa gjeng i garderoben, seier kaptein Eirik Heia Pedersen.

ØIF Arendal tapte den avgjørende kampen i kveld, og er dermed ute av sluttspillet.

Sjå intervju med kaptein Eirik Heia Pedersen og Marcus Dahlin.

Låg under til pause

Heller ikkje Svenn Erik Medhus kom inn i kampen i første omgang og vart sett på benken.

Vestfoldingane leia 14-13 til pause og hadde allereie då ein fot i semifinalen i sluttspelet.

I andre omgang såg ØIF Arendal ut til å slå tilbake. Keeper Svenn Erik Medhus tok igjen ansvar. Som i cupfinalen og i seriefinalen stod han fram då laget trengde han som mest.

Ti minutt før full tid var arendalittane igjen i leiinga, men det skulle ikkje vare lenge. Runar stengde buret og tvinga ØIF til å avslutte frå distanse.

Då Runar gjekk opp i tremålsleiing få minutt før slutt forstod skuffa ØIF-supportarar at semifinaleplassen rauk.

– Eg er så utruleg skuffa på supportarane og klubben sine vegne. Alle har gleda seg til sluttspelet og så ryk vi på denne måten. Dette kjem til å ta tid å fordøye, seier Kurtovic.

Runar-trener Johan Zanotti etter seieren over ØIF Arendal.

Sjå intervju med Runar-trenar Johan Zanotti.

To titlar denne sesongen

Runar vann til slutt 23-26. Det betyr altså at ØIF Arendal er ute av sluttspelet. Runar skal spele semifinale.

Tapet betyr også at ØIF ikkje spelar Meisterliga neste sesong. Vinnaren av sluttspelet skal spele kvalifisering til den gjevaste europacupen.

Det har likevel vore ein suksessfull sesong for sørlendingane, som har vunne både serie og cup.

– Spør meg i morgon om eg er nøgd med sesongen. No er eg så skuffa at eg ikkje klarer å tenke på noko anna, seier trenaren.

Rødrussen jubler over ØIF-skåring

Arendalsrussen gjorde det dei kunne for å støtte ØIF til siger.

Foto: Leif Dalen / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %