– Dette er et bevisstgjeringskurs. Folk må vite kva dei held på med, og korleis det fort kan ende i dødsulykker. Spesielt når det gjeld ulike fartsmoment.
Det seier Lasse Hagby Høydal frå Wave Kompetanse.
NRK møter han på høghastigheitskurs ved Skogsfjord i Mandal.
– Det er mange som køyrer helt «tulling». De køyrer hurtig og nærme. Det har bidrege til at vass-skuter har fått eit veldig dårleg rykte, seier Hagby Høydal.
For det er store krefter i sving når ein gir gass på ein vass-skuter.
Denne sommaren kan ein ikkje lenger køyre over 50 knop utan eit ekstra sertifikat.
Det gjeld uansett om ein har båtførarprøva frå tidlegare.
50 knop er cirka 92 kilometer i timen.
Lasse Hagby Høydal i Wave Kompetanse ønskjer å auke bevisstheita knytt til fare ein kan møte med båt eller vasskutar.
Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK– Mange er negative
Det nye regelverket, som regjeringa har bestemt, skal innehalde både ein praktisk og teoretisk del.
– Har du ein båt over 50 knop, må du ha et høgfartsbevis før 1. juni 2023 for å få lov til å køyre den, seier Knut Arild Hareide.
Han er direktør i Sjøfartsdirektoratet.
Kravet, som vart vedtatt hausten 2021, har ført til delte meiningar.
– Då forslaget kom, fekk vi mange meldingar og kommentarar på sosiale medium frå folk som var helt frå seg, seier Hagby Høydal.
Han opplever at mange er negative når dei kjem på kurs.
– Når dei først har gjennomført er dei ekstremt positive, og føler at det har vore nyttig. Også dei som har hatt vass-skuter lenge og køyrt mykje.
På høghastigheitskurset er det mellom anna fokus på fartstilpassing.
Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK– Kjempepågang
– Vi opplever ein kjempepågang, og får fleire titals påmeldingar dagleg, seier dagleg leiar i Wave Kompetanse, Fredrik Varre.
Han fortel at dei heldt dei første kursa tidleg i april, og at straumen av deltakarar har vore jamn sidan.
– Vi ser at det tek seg opp nærmare sommaren, jo varmare vêret blir. Då tenker folk båt.
Difor riggar dei for eit stort trykk i tida som kjem.
– I sommar vil det nok gå opp for mange at dei må på kurs, når dei sit der med båten sin og kjem på at de ikkje har anledning til å køyre den, seier Varre.
– Ha det på stell
– Eg har hatt vass-skuter i mange år, så eg vil gjennomføre kurset for å ha det på stell.
Det seier Pål Ime, og legg til at han er oppvaksen på sjøen.
– Vi må jo berre følge reglene, seier Pål.
Lars Tomte Ime meiner at det kan diskuterast om det ekstra sertifikatet er nødvendig.
– Det er kanskje meir fornuftig for de som ikkje har køyrt så mykje. Men vi lærer litt nytt på kurs vi og, seier Lars.
Begge dei to ser poenget med meir praktisk opplæring blant båtfolk.
– Ein lærer meir når ein er ute på sjøen enn sit inne på ein data, seier Lars.
I dag treng ein ikkje ein gong å ha vore i en båt for å ta båtførarprøven.
I tillegg slepp dei som er fødde før 1980 å ha beviset.
– Du kan jo ta båtførarprøven på nett utan å kunne køyre båt, men kva er vitsen med det då?, spør Pål.
Pål Ime har hatt vass-skutar i mange år, men er på kurs med eit ønskje om å følge reglane.
Foto: Siv Kristin Sællmann / NRK