Hopp til innhold

Sundtoft snakkar om personangrepa

Ho vert skulda for å vere den svakaste og mest usynlege i regjeringa. Klima- og miljøminister Tine Sundtoft meiner ho har komme styrka ut av budsjettkritikken.

Ho vert skulda for å vere den svakaste og mest usynlege i regjeringa. Klima- og miljøvernminister Tine Sunftoft meiner ho har komme styrka av budsjettkritikken.

Sjå intervju med Tine Sundtoft.

– Det har vore kanskje i overkant mykje personkritikk og ikkje gått på regjeringa. Eg er ikkje overraska over at politikken er slik, men eg tek til etterretning at det har vore eit ganske hardt personangrep, seier Sundtoft til NRK.

Rasmus Hansson leder Miljøpartiet de Grønne

Rasmus Hansson (MDG) ba Tine Sundtoft om å trekkje seg som klima- og miljøminister.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix
Tine Sundtoft og Terje Damman

Tine Sundtoft i samtaler med fylkesordførar i Vest-Agder, Terje Damman etter budsjettframlegginga.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

NRK møter Sundtoft i heimbyen Lillesand. Ho har blitt symbolet på miljøkritikken som har møtt regjeringa etter at dei la fram forslag til statsbudsjett onsdag.

– Eg har fått grisekjeft, sa statsråden til sine partikollegaer då ho orienterte dei om statsbudsjettet på eit medlemsmøte i Vest-Agder Høgre onsdag kveld.

Ba Sundtoft gå av

Det var Rasmus Hansson i Miljøpartiet de Grønne som gjekk hardast ut og ba statsråden trekkje seg.

– Det har eg ikkje vurdert, seier Sundtoft.

Kritikken har hagla frå miljørørsla og småpartia på Stortinget.

Både Venstre og KrF har gjort det klinkande klart at dei ikkje kan støtte klimapolitikken regjeringa legg opp til i budsjettet.

Det er mellom anna kutt i støtta til skogvern, redusert vegavgift og avgiftskutt for bensin, diesel og bruktbil, og omfattande satsing på vegbygging, som gjer at KrF og Venstre er sterkt kritiske til klimaprofilen i budsjettet.

– Det er regjeringa som har lagt fram statsbudsjettet. Regjeringa står samla bak budsjettet vi har lagt fram. Det er blitt slik at det er mykje fokus på oss som statsrådar, og det får vi berre leve med, seier klima- og miljøministeren.

Tine Sundtoft

NRK møtte Tine Sundtoft i heimbyen Lillesand fredag ettermiddag.

Foto: Håkon Eliassen/NRK

– Har i alle fall blitt mindre usynleg

Sundtoft, som har blitt skulda for å vere for anonym i regjeringa, meiner at ho kan ha komme styrka ut av «stormen».

– Fordelen med det som har vore dei siste dagane er at eg kanskje har blitt litt mindre usynleg. Det er det positive med dette angrepet, ler Sundtoft.

Eg har ein på-knapp og ein av-knapp. No er eg veldig klar til å trykke på av-knappen

Tine Sundtoft

Fredag kveld let ho jobb vere jobb, og reiser på hytta for å kople av. Det meiner ho at ho er flink til, sjølv når kritikken haglar som verst.

– Når eg er på jobb har eg fullt fokus på jobb. Når eg har fri så prøver eg å kople hovudet av. Eg har ein på-knapp og ein av-knapp. No er eg veldig klar til å trykke på av-knappen, smiler statsråden.

– Korleis er det for familien din å oppleve dette?

– Vi hadde gode samtaler i familien før eg takka ja for eitt år sidan. Vi snakka mykje om å skilje rollene. Det er ikkje eg som person som får kritikken. Det er statsråden og rolla. Førebels verkar det som om dei taklar det på ein fin måte, seier Sundtoft.

Har fått støtte

Sørlendingen har fått støtte frå sine eigne. Statsminister Erna Solberg har kalla kritikken mot Sundtoft «rar».

– Denne regjeringa har lagt fram tidenes satsing på klima i eit statsbudsjett, særleg samanlikna med i fjor der ein la ned Mongstad og CCS-satsinga (karbonfangst og -lagring, journ. anm.). Det er veldig rart at statsråden som er ansvarleg for ei historisk klimasatsing, skal gå av, sa statsministeren.

Fylkesleiar i Aust-Agder Høgre, Arne Thomassen, meiner at kritikken er urettferdig.

– Eg tykkjer det er heilt urimeleg å henge ut Tine på denne måten. Kritikken av henne er veldig massiv, sa Thomassen til NRK torsdag.

Sjå Sundtoft slå tilbake mot kritikken:

Created by InfoDispatcher
null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %