Hopp til innhold

Snakk om pangstart på laksesesongen

Terje Olsen og kameraten Trond Arne Berg drog i land ein laks på 12 kilo i Otra berre timar etter at laksesesongen starta.

Terje Olsen fra Vennesla fikk en knallstart på laksefisket natt til mandag.

VIDEO: Sjå Terje Olsen og Trond Arne Berg snakke om årets første laks.

– Den var jo tung og vi var nokså sikre på å miste den. Vi forstod raskt at den var tung, seier Trond Arne Berg til NRK.

Dei to kameratane hadde planlagt å vere på plass i elva klokka fem måndag morgon. Dei kom i gang med fisket ein halvtime etter skjema, men det skulle vise seg å vere eit svært gunstig tidspunkt.

Berre få minutt etter at dei hadde kasta ut beit storlaksen på.

Trur på god sesong

– Stanga stod rett ned, seier Terje Olsen.

Resultatet var ein laks på 12 kilo. Den største laksen Olsen har teke så langt.

– Vi hjelpte kvarandre og hadde gode hovar. Eg rodde og han heldt stanga, seier Olsen.

No trur dei to på ein god laksesesong.

– Det var ein veldig bra start og det er god vassføring i elva. Vi har hatt nokre pangstartar før også. Det er eit godt teikn, seier dei.

– Avhengig

Kameratane har gleda seg til 1. juni då laksefisket altså startar.

– Eg har nok roa meg litt ned siste åra. No er det avkopling og ikkje stress. Det er kontrollert vil eg seie, men eg er avhengig og gler meg veldig til 1. juni kvart år. Det er ein stor dag, seier Olsen.

Berg hadde også sonen sin med seg. 12-åringen drog i land ein laks på 5,8 kilo.

– Det var jo stas for han. No har eg fått sendt han på skulen til tredje time, seier Berg.

Informasjonssjef i i Norges Jeger- og fiskarforbund, Espen Farstad, har tidlegare sagt til NRK at han trur på ein god laksesesong på Sørlandet.

– Eg trur nok eg hadde valgt sørlandselvane føre trøndelagselvane, som tradisjonelt har vore dei beste. Sørlandet er i ei heldig sone med tanke på lakselus. Sørlandselvane er ei solskinshistorie i seg sjølv etter kalking, så det er stor grunn til optimisme, seier han.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %