Hopp til innhold

SMS førte til full politiutrykning

Ein SMS som vart sendt frå Universitetet i Agder (UiA) førte til full utrykking frå politiet.

Video Forvirrende på campus

Studentane ved UiA i Grimstad fekk melding om å forlate området umiddelbart. (Arkivfoto)

Foto: Nyhetsspiller

I meldinga gjekk det fram at alle som var i nærleiken av universitetsområdet i Grimstad måtte forlate området umiddelbart.

UiA i Grimstad evakuert

Universitetet sende ut denne meldinga.

Foto: Privat / Skjermdump

Dette viste seg å vere øving som politiet ikkje hadde fått beskjed om.

– Dette tykkjer vi ikkje noko særleg om. UiA har lagt seg flate og har beklaga, seier operasjonsleiar i Agder-politiet, Miriam Stausland til NRK.

Kan få reaksjonar

Tre minutt etter at meldinga vart sendt ut kom det kontrabeskjed om at det dreia seg om øving, ifølgje politiet.

NRK har vore i kontakt med ein student som ikkje har fått melding nummer to.

– Dette var ei befolkningsvarsling som vi burde ha blitt varsla om. Det burde også ha gått fram i den første meldinga at det dreia seg om ei øving, seier Stausland.

– Vil dette får reaksjonar?

– Det er noko vi må sjå på i etterkant, seier Stausland.

– Ekkel og panisk stemning

Etter det NRK kjenner til var det fleire studentar som vart redde då dei fekk meldinga.

– Det var ekkel og panisk stemning, seier ein student til NRK.

– Neste gang må vi hugse å varsle politiet

Vegard Grepstad i Unified Messaging Systems AS, som sende ut SMS-en i samarbeid med UiA, beklagar at politiet ikkje var informert:

– Vi skulle varsla alarmsentralen til politiet, det tek vi absolutt på vår kappe. Det var to hyggjelege politimenn innom som sa at det vi gjorde var bra, men at vi neste gang må hugse å varsle politiet.

Grepstad seier det er beklageleg at ikkje alle fekk beskjed på SMS om at det var ei øving:

– Vår jobb er å vareta folk si sikkerheit ved bruk av varslingssystem, og sørgje for at dei får tilstrekkeleg informasjon. At folk ikkje har kome med i varslingsrunde nummer to der vi avblåste øvinga, det må vi sjå nærare på kva som er grunnen til. Men i utgangspunktet skulle dei fått ein SMS om det.

– Lært mykje av dagens øving

UiA informerer på sine nettsider at øvinga vil bli nøye evaluert:

– Hovudhensikta med slike øvingar er å teste ut kva som fungerer og kva som ikkje fungerer i den praktiske verkelegheita. Vi kan med sikkerheit seie at vi har lært mykje av dagens øving, noko vi vil nøye evaluere og gjennomgå i ettertid, seier leiar av tryggingsarbeidet ved UiA, Jan Egil Heinecke.

UiA Grimstad

Universitetet i Grimstad.

Foto: Odd Rømteland / NRK

Signala gjekk for langt

Universitetsdirektør Tor A. Aagedal seier at basestasjonen som står på taket av universitetet, dekket for mykje av området rundt.

– Det som hende var at basestasjonen på taket nådde for langt. Signala nådde heilt til Dalske vidaregåande skole. Dei fekk same meldinga hjå dei på campus. De visste me ikkje, seier universitetsdirektøren.

Han meiner at universitetet gjorde ein feil ved at dei ikkje varsla politiet.

– Ettersom eg forstår fekk politiet naudmeldingar, seier Aagedal.

Han er likevel oppteken av at dei testar sms for å kunne bruke i katastrofar.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %