NRK Meny
Normal

Vippa Larvik av handballtrona - no er medaljesamlinga komplett

Vipers Kristiansand stoppa Larvik si elleville rekke med seriemeisterskap. Samstundes gjorde Lunde-tvillingane karrieren komplett med det einaste gullet dei ikkje hadde.

Vipers-Gjerpen

Veteranane Kristine Lunde Borgersen og Katrine Lunde med breie glis etter at Vipers sikra seriegullet måndag.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er veldig deilig. Det er fantastisk at vi får det på heimebane, seier Katrine Lunde Borgersen til NRK.

Saman med systera Kristine har ho vunne alt som er. OL-, VM-, og EM-gull med landslaget, Meisterligaen og ei rekkje serie- og cupmeisterskap i utlandet.

No er samlinga komplett med både norsk cup- og seriegull.

– Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie. Det er stort berre å ta Larvik, seier ho.

Feirar med Vipers-burger

Dei to handballsøstrene har vore med på mange gullfeiringar. Feiringa denne gongen blir nok ikkje den villaste.

– Nei, det kan jo godt hende vi tek ein lunsj i morgon, ler keeperen.

– Nei, det blir kanskje ein Vipers-burger og så heim og slappe av, seier Kristine Lunde Borgersen.

16. april 2018, klokka 19.56. Dette tidspunktet går inn i historiebøkene. I alle fall bøker som handlar om norsk topphandball.

Det er nemleg tidspunktet då sluttsignalet gjekk i kampen mellom Vipers Kristiansand og Gjerpen i eliteserien i handball.

– Dette er utruleg stort, seier Linn Jørum Sulland til NRK.

Vipers Kristiansand

Vipers Kristiansand er seriemeister i handball.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix

– Veit ikkje om eg orkar å ete

Sjølve kampen vert neppe hugsa som ein «høydare», men to poeng er nok til å sikre seriegullet for Vipers Kristiansand.

Larvik-dominansen gjennom nesten 20 år er over.

– Dette er ei utruleg kjensle og glede. Det er godt vi ikkje har seiersseremoni i kveld, seier daglig leiar Terje Marcussen.

Han var nemleg så utlada etter kampen at han skulle reise rett heim.

– Eg veit ikkje om eg orkar å ete. Eg skal heim og berre ta en lang dusj. Så blir det gullfest til fredag.

Marcussen inviterer all fans som vil på fest med spelarane i Kristiansand fredag kveld.

19 seriegull

Dominans er nesten å underdrive. Berre sjekk sjølv:

  • Larvik HK har vunne 19 seriemeisterskap totalt
  • 17 av dei har komme på 2000-talet
  • Klubben stod med 13 strake seriemeisterskap før denne sesongen.
  • Det er berre Nordstrand som har klart å vinne seriegull på 2000-talet før Vipers. Det skjedde i 2003/04-sesongen.

Men no er den imponerande sigersrekka slutt.

Men sørlendingane fekk kamp mot Gjerpen måndag kveld. Godt ut i første omgang leia gjestene frå Telemark med tre mål. Men Vipers klarte å ta inn forspranget rett før pause slik at det stod 13-13 til pause.

Vipers-Gjerpen
Foto: Tor-Erik Schrøder / NTB scanpix

To av fire moglege gull i boks

I andre omgang var det Vipers som var det beste laget. Sørlendingane vann til slutt komfortabelt 28-23, og sikra samstundes plass i neste års Meisterliga.

Dette var sesongens andre Vipers-gull. I desember vann laget cupen, og det kan bli meir. Laget er allereie kvalifisert til finalen i EHF-cupen.

I tillegg kan det bli gull i sluttspelet som startar når seriespelet er ferdig denne veka.

Vipers-Gjerpen
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix
Laster innhold, vennligst vent..