NRK Meny
Normal

Slit med å auke mjølkekvoten

Bønder som satsar, må vere tolmodige om dei vil auke mjølkekvoten.
Det er rift om kvotane i Vest-Agder.

Martin Snemyr og Knut Føreland

HALV MASKIN: Etter me fekk mjølkerobot kunne me tenke oss større kvote, seier bøndene Martin Snemyr og Knut Føreland.

Foto: Olav Åsen Haugsgjerd / NRK

– For oss som ønske å få tak i meir kvote er det ei utfordring. Samstundes har me avertert etter meir kvote, og fått litt respons, seier Knut Føreland på Hægeland.

Han og Martin Snemyr driv samdrift og har akkurat opna seg eit nytt fjøs med mjølkerobot. Dei kunne godt tenkt seg at det var lettare å få tak i mjølkekvote, men vil halde fast på ordninga som er i dag.

–Kvoteregionane må vere som dei er. Det er det ingen tvil om. Sjølvsagt kunne me ønske at det var lettare å få tak i kvote, men samstundes er alle kollegaene me har i distriktet gull verdt, seier Snemyr.

Ingunn Foss i næringskomiteen på Stortinget for Høgre seier dette er ei sak i landbruksoppgjeret.

Ingunn Foss

STATEN VIL ENDRE: Stortingsrepresentant seier ordninga er på bordet i årets landbruksoppgjer.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

–Etter oppgjeret i fjor har det komme ei utgreiing som visar at det kan stillast spørsmål med viktigheiten av desse regionane. Og at økonomiske verkemiddlar er meir avgjerande for produksjonen av mjølk, seier Foss

Leiar i Vest-Agder Bondelag Tor Erik Leland vil ha minst mogleg forandring av dagens inndeling.

–Det er sjølvsagt eit problem for dei som vil auke, og veldig ofte ende det med bodrunde om kvotane. Det pressar opp prisen, og føre til at pengar går ut av næringa. Men til tross for det blir det ei stort problem viss ein mjuke opp på omsettingsgrensane. Du flytte mjølka, men ikkje på foret. Jordene blir igjen der dei er, seier Leland

Bøndene på Hægeland ser lyst på det. Dei satsar på å få auka kvoten litt etter litt, og etter litt tekniske problem i byrjinga er dei no klare til å få inn fleire kyr i det nye robotfjøset.

–Det er nå det er gildt, seier Snemyr.

Høyr radioreportasje: