Hopp til innhold

Slik vil streiken ramme Sørlandet

Barnehagar, buss- og togtrafikk blir ramma i Agder-fylka under ettermiddagens to timar lange streik mot endringar i arbeidsmiljølova.

Streik

Tog, barnehage og buss vert ramma av streiken onsdag ettermiddag.

Foto: NRK

Nær halvparten av Nettbuss sine avgangar blir innstilt på grunn av den politiske streiken. Til saman vil 134 av busselskapet sine avgangar bli innstillt.

– Spesielt før og etter streiken kan busstrafikken hope seg opp. Då må folk vere ekstra tålmodige, har administrerande direktør Siv Elisabeth Wiken tidlegare sagt til NRK.

Siv Wiken

Siv Elisabeth Wiken ber om tålmod frå passasjerane i samband med streiken.

Foto: NRK/Svein Sundsdal / NRK

Streiken gjeld både ordinære ruter og skuleskyss.

Stor streikevilje

1,5 million arbeidstakarar, over halvparten av alle som er i arbeid i Norge, skal etter planen legge vekk arbeidsoppgåvene. Dei protesterer mot regjeringa sitt forslag til endringar i arbeidsmiljølova.

Streikeansvarleg i LO i Vest-Agder, Lars Klottrupp Berge, seier at engasjementet er stort på mange arbeidsplassar.

– Det er heilt enorm. Vi merkar det når vi kjem på pauserom og på arbeidsplassane at folk er klar for å streike, seier han til NRK.

Det fins inga oversikt over kor mange på Sørlandet som går ut i streik mellom klokka 14 og 16. Men ifølgje Berge vil streiken merkast.

– Dei fleste vil merke det på sin arbeidsplass gjennom at dei sjølv eller kollegaer skal streike, seier han.

Agnes Norgaard og Lars Klottrup Berge

Lars Klottrup Berge og Agnes Norgaard seier at streikevilja er stor i Agder-fylka.

Foto: Svein Harry Johnsen / NRK

Barnehagar og skular blir stengde

Også i Aust-Agder trur distriktssekretær i LO, Agnes Norgaard, at mange går ut i streik.

– Vi har fått veldig god respons både frå Unio, YS, LO og sympatisørar spør om når markeringa er, seier ho.

Ei rekkje skular, barnehagar og SFO vil bli stengde i samband med streiken

Fagforeiningane har ikkje full oversikt over kva skular og barnehagar som vert ramma, men ber folk oppdatere seg på nettsidene til den enkelte kommune.

Tog vert ståande

Mellom klokka 15 og 16 vert alle tog ståande stille på Sørlandsbana. Tog som køyrer i dette tidsrommet vil stoppe ved næraste stasjon.

Streiken vil dermed føre til at tog vert forseinka i minst ein time.

– Det kan og bli noko forseinking i etterkant i forhold til å få tog og folk i posisjon, seier strekningsleiar i NSB, Petter Helgesen.

I mange kommunar vil det vere markering i sentrum i samband med streiken.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,9 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %