NRK Meny
Normal

Slik vil dei unngå ny smell mot Sarpsborg

Amazon Grimstad kjem til å gå offensivt til verks i den første kvalifiseringskampen for å behalde plassen i Toppserien.

Amazon Grimstad

Amazon Grimstad spelar kvalifisering mot Sarpsborg 08 laurdag.

Foto: NRK

– Vi har lyst til å gå ut å drepe kampen ganske fort. Vi kjem til å gå ut i hundre for å prøve å få det første målet, seier Kristine Meland til NRK før kampen laurdag

Også i fjor måtte Grimstad-klubben ut i kvalifisering for å forsvare plassen i landets øvste divisjon. Der møtte dei Sarpbsorg 08, som altså er motstandar også i år.

Vil unngå kvalik-reprise

Jahn Robert Holmgren

Assistenttrenar Jahn Robert Holmgren.

Foto: Kai Stokkeland

I fjor tapte dei den første kampen, men vann bortekampen i Sarpsborg og sikra dermed ny kontrakt i Toppserien.

– Vi veit godt korleis det føltest. Det er greit å ha den erfaringa frå i fjor. Eg trur vi lærte mykje av det og trur vi skal unngå det. Men vi må vere topp skjerpa for å klare det, seier Meland.

Også assistenttrenar Jahn Robert Holmgren trur laget er godt rusta til å slå Østfold-klubben.

– Dette er kampar som betyr veldig mykje for oss. Men vi er fulle av sjølvtillit etter gode kampar den siste tida. Vi gler oss veldig, seier han.

Opptur i sesongavslutninga

Amazon Grimstad avslutta nemleg seriespelet med to strake sigrar. Klubben slo Medkila 3-1 på bortebane då dei sikra kvalifiseringsplassen.

I siste serierunde slo dei allereie nedrykksklare Grand Bodø 3-1 på heimebane.

– Det betyr mykje. Vi kan gå inn i Sarpsborgkampen med meir tryggleik i spelet vårt både offensivt og defensivt. Eg føler vi er klar for å komme i gang, seier Kristine Meland.

Kampstart på Levermyr stadion er klokka 13. Returkampen i Sarpborg vert spelt neste helg.