Hopp til innhold

Slik vart dei halshogde dyra funne på kyrkjetrappa

Ingen har så langt meldt seg til politiet etter funnet av fire halshogde dyr på trappa til Søgne gamle kirke.

Døde dyr på kirketrappa

Slik låg dei døde dyra på kyrkjetrappa i Søgne.

Foto: Politiet

Måndag sa politiet til NRK at dei har videoopptak av to personar som var inne i fjøset på Søgne videregående skole der dyra kom ifrå.

Døde dyr på kirketrappa i Søgne

Dyra var lagt i korsformasjon på kyrkjetrappa.

Foto: Politiet

– Meld dykk! Så slepp vi masse bråk med at politiet må komme og hente dykk. Stå for det de har gjort, sa lensmann i Søgne og Songdalen, Terje Pedersen til NRK.

Set opp nytt overvakingskamera

Dei to hadde med seg eit bur ut ifrå fjøset. Dette buret vart funne like ved kyrkja.

Tysdag fekk mediene tilgang til politiet sine eigne bilete av funnet på kyrkjetrappa. Bileta viser at dei fire halshogde dyra var lagt i korsformasjon.

– Dersom dette kan gje saka meir merksemd og bidra til nye spor i saka, er det bra, seier lensmannen til Fædrelandsvennen tysdag.

Avisa skriv også at Søgne videregående skole no skal setje opp overvakingskamera også på andre sida av fjøset. Dermed vil begge inngongane vere overvaka.

Dyr Søgne Gamle Kirke

Politiet fjerna dei døde dyra frå kyrkjetrappa førre måndag.

Foto: Nicolai Prebensen / N247

– Heilt sprøtt

Politiet har så langt ikkje ville kommentere om dei veit kven dei to personane på overvakingsvideoen er.

Det var måndag i førre veke at kyrkjegardsarbeidar Kurt Helge Almendingen oppdaga dei halshogde dyra på kyrkjetrappa.

– Det er heilt grusomt, og heilt sprøtt. Det er veldig skremmande når det blir lagt i ein korsform føre kyrkja, sa Almendingen til NRK i førre veke.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %