Hopp til innhold

Slik var Tripić si korte Start-karriere

Sjølv etter berre ti månader i gult og svart rakk Zlatko Tripić å bli den store favoritten blant Start-supportarane.

Zlatko Tripic
Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Laurdag skreiv lyngdølen under for tyske Greuther Fürth.

Lyngdølen kom til Start frå Molde i mars 2014. Angrepsspelaren fekk lite speletid under Ole Gunnar Solskjær. Men i Start utmerkte han seg raskt.

Kort tid etter sesongstart sa Tripić til NRK at folk burde ha store forventningar til han.

Start-jubel

Tripić jublar for si første scoring i Start-drakta i 2-0-sigeren borte mot Aalesund.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix
Zlatko Tripic

Tripić var rasande etter kampen mot Rosenborg då han vart vraka av trenar Mons Ivar Mjelde.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

– Eg har fått tilbake sjølvtilliten, og har ein trenar som har vanvittig tru på meg. Spelarane får fram det beste i meg og er flinke til å spele meg i god posisjon, sa Tripić.

Publikumsfavoritt

Kring ein månad seinare spelte Tripić ein god kamp i borteoppgjeret mot Aalesund og scora sitt første mål for sørlendingane. Start vann kampen 2-1.

Tripić vart den store publikumsyndlingen i Kristiansand. Med farten sin, frekke skotforsøk og ikkje minst seks scoringar og åtte assist i fjorårssesongen.

Det vekte sterke reaksjonar då Mons Ivar Mjelde plasserte Tripić på benken i oppgjeret mot Rosenborg på Lerkendal. Lyngdølen var rasande etter at han kun fekk åtte minutt i 2-3-tapet.

– Det er ein stor skuffelse for meg. Eg byrjar å bli lei. Eg føler meg som eit fjerdeval i dag. Skal eg kun spele annakvar helg kunne eg like godt ha blitt i Molde og komme innpå i slutten av kvar kamp, sa Tripić til Fædrelandsvennen.

Familie i Tyskland

I oppgjeret mot Sarpsborg 08 i september var han igjen sentral då Sarpsborg 08 vart slått 3-1 på heimebane. Tripić scora to mål og hadde mellom anna familie frå Tyskland på tribuna.

– Det var første gang far min si tante og onkel fekk sjå meg spele fotball. Eg har ikkje sett dei på mange år, så med min bakgrunn var det ekstremt følsomt og godt å sjå at dei sat på tribuna og såg at eg scora mål for Start, sa han.

No blir det kortare veg for familien i Tyskland å sjå Tripić i aksjon.

Desse seriemåla scora Tripić for Start:

Sjå reportasjar og intervju med Tripic:

Zlatko Tripic scoret to mål mot Sarpsborg

Intervju med Tripić etter to mål mot Sarpsborg 08.

Tomålsscorer mot Sarpsborg 08, Zlatko Tripic, hadde lovet sin mor å score på fødselsdagen hennes. Det løftet holdt han, og ble rørt av møte med slekta på tribunen etter kampen.

I heimekampen mot Sarpsborg 08 lova Tripić mor si å score. Det gjorde han.

Start-trener Mons Ivar Mjelde skryter av Zlatko Tripic etter gårsdagens viktige seier mot Sogndal. Tripic spilte hovedrollen da sogningene ble slått 3-2. 21-åringen har blitt en av Starts viktigste spillere denne sesongen.

Tripić fekk skryt av trenar Mons Ivar Mjelde etter kampen mot Sogndal i Kristiansand.

Start-spiller Zlatko Tripic innrømmer at han har en aggressiv spillestil, og at han dermed ber om juling.

Sjå sørlendingen snakke om spelestilen sin.

Før møtet mot Viking.

Sjå intervju med Tripić før det prestisjefulle oppgjeret mot Viking. Det enda til slutt med tap.

Zlatko til Start

Sjå reportasje med Tripić på ei av sine første treningar med Start.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %