NRK Meny
Normal

Slik taklar du tannlegeskrekken

Ein av ti nordmenn er redde for å gå til tannlegen viser forsking. Mange av oss vel å droppe tannlegen i årevis på grunn av skrekken. Her er råda frå tannlegane.

Boring hos tannlegen

SKUMMELT: Mange er redde for å gå til tannlegen.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

– Studiar viser at av dei ti prosenta er det igjen ti prosent som har såkalla ungåelsesatferd. Dei unngår altså å gå til tannlegen. Dei ser vi rimeleg sjeldan, seier tannlege Jon Nordmo ved Nordmo Tannlegesenter i Kristiansand til NRK.no.

For desse pasientane kan det går opptil 20 år mellom kvart tannlegebesøk.

– Då er det mykje som er gale i tennene. Men når dei kjem ser dei at teknologien og personalet har følgt med i tida. Mange blir forbausa over at dei ser at det går mykje betre enn dei hadde trudd, seier Nordmo.

Skrekkhistorier

Han har jobba som tannlege i 24 år. Både faren og bestefaren levde av same yrket. Og tannlegeskrekk er definitivt ikkje noko nytt – snarare tvert imot.

– Eg har jo fått skrekkhistoriene inn med morsmjølka. Men utviklinga har vore stor, seier han.

Ved tannlegesenteret hans blir det behandla heile 80 pasientar kvar einaste dag. Dermed ser han og kollegaene hans dagleg pasientar som er redde.

– Dersom du har tannlegeskrekk bør du ringe å avtale time utan behandling. Du skal vite at det berre er ein samtale der du kanskje kan ta røntgen og undersøking, seier han.

Tannlege

TERSKEL: Mange kvir seg på å gå til tannlegen. Ein del av oss droppar å gå til tannlegen på grunn av skrekken.

Foto: Eirik Damsgaard / NRK

– Ta kontakt med oss

Også ved Kvadraturen Tannlegesenter i Kristiansand tek dei dagleg imot pasientar med tannlegeskrekk.

– Nokon av dei seier ifrå med ein gang. Det er gjerne damene som er ærlegast. Andre ser vi er nervøse, dei kan kaldsveitte, skjelve og tunga blir veldig aktiv. Du merkar det, seier Birte Robstad og Elisabeth Kårigstad.

– Vi har alltid fokus på å gjere ei smertefri og god behandling. Mange er redde for sprøyter eller at det skal vere vondt. Mange er redde berre for å opne munnen. Dei har kanskje ikkje vore hos tannlegen på fleire år. Dei er redde for å få dommen frå oss og kor ille det er, seier han.

Dei ber folk om å vere opne om tannlegeskrekken.

– Kom til oss og snakk med oss og bli kjende med oss. Så legg vi opp ein god behandlingsplan, seier tannlegane.

Birte Robstad og Elisabeth Kårigstad

- TA KONTAKT: Birte Robstad og Elisabeth Kårigstad ved Kvadraturen Tannlegesenter ber pasientar om å vere ærlege dersom ein er redd for å gå til tannlegen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Ver ærleg med oss

Tannlegane ved Kvadraturen Tannlegesenter frå støtte frå tannlege Nordmo.

– Ver ærleg når du kjem og sei at du har tannlegeskrekk. Nokon er redde for sprøyter, andre har klaustrofobi med å puste, nokon brekk seg. Vi har desse pasientane heile tida. Dette er nyttig informasjon for oss, seier han.

Han peikar også på at det kan vere nyttig å ha med seg ein person dersom ein er redd.

– Det kjem også litt informasjon undervegs og når ein sit der lamma av skrekk høyrer ein ingenting. Ein har det berre grusomt. Så å ha med seg ein i tillegg kan vere fornuftig, seier han.

Med dagens teknologi gjer behandlinga mykje lettare. Det betyr også mindre eller ingen smerter.

Brukar musikk

– Vi tilbyr narkose til dei som verkeleg er redde. Vi har også lystgass som er ein utruleg bra angstdempar. Så har vi ulike roande medisinar og sjølvsagt bedøvelsar, seier han.

I tillegg er det blitt meir vanleg å bruke musikk under behandling hos tannlegen.

– Det å høyre lydar under lokalbedøvelse kan vere skremmande. Har ein musikk på øyret kan det hjelpe. Så har ein det meir behageleg. Det er veldig mange som brukar dette i dag, seier han.

Nordmo har altså ei årrekkje i tannlegeyrket bak seg, men likevel vedgår han at han ikkje likar å gå til tannlegen sjølv.

– Lista er utruleg lang i forhold til å ting som er langt hyggjelegare enn å gå til tannlegen. Eg er ikkje spesielt glad i å gå til tannlegen. Eg må definivt ha bedøving, smiler han.