Hopp til innhold

Slik taklar du eksamenstresset

Stressar du i samband med eksamen? Stress ned er rådet frå ekspert.

Hardt å studere

EKSAMENSNERVAR? Universitetslektor, Hæge Johannessen, rår stressa studentar til å stresse ned og bruke pusten. - Den kan vere heilt magisk, seier ho.

Foto: Illustrasjonsbilde: www.colorbox.no

– Det er to innfallsvinklar folk gjerne har. Å lese 24 timar i døgner er ingen vits. Det løner seg å seie at «eg greier 8-9 timar, så må eg fylle tida med slik at eg slappar sikkeleg av», seier universitetslektor i pedagogikk ved Univeristetet i Agder, Hæge Johannessen til NRK.

«Eg kjem til å stryke»

Løping, jogging

TRENING: - Ei treningsøkt kan for mange verke positivt i eksamensstresset, seier universitetslektoren.

Foto: Coulor box

Ho held kurs i eksamensmeistring i desse dagar. For mange kan eksamenstida vere eit skikkeleg mareritt.

– Tenk gjennom korleis du slappar av best mogleg. Nokre gjer det gjennom å høyre på musikk, andre gjennom trening. Det er ingen vits å sitje heile døgnet med nasa i bøkene. Det er berre slitsamt, seier ho.

Ho fortel om mange fortvila studentar, som oppsøkjer i og under eksamenstida.

LES OGSÅ: Slik unngår du eksamensnerver

– Veldig mange har førestillingar som seier at «eg kjem til å stryke». Det snakkar dei om. Av ein eller annan idiotisk grunn er dei så stygge med seg sjølve, seier Johannessen.

Enkle grep

Musikklytting

MUSIKK: - Legg bøkene til side og skru musikken opp for å kople av mellom lesinga, rår universitetslektoren.

Foto: Berit Roald, Unspecified / Scanpix

– Så har dei gjerne vener som snakkar om at dette kjem til å gå dårleg. «Eg greier ingenting, eg har ikkje lese nok», er det mange som seier. Dei elskar å sjå på kor mange som strauk i fjor, seier ho.

Ved hjelp av enkle grep kan du sjølv snu eksamenstida til noko positivt. På kursa lærer studentane korleis ein skal kunne handtere eksamenstida best mogleg.

LES OGSÅ: Fanget av eksamensnerver

– Det å kunne snu si eiga innstilling. Til dømes det å tenke at «dette kjem eg til å klare, kvifor skulle eg ikkje klare dette? Eg klarar dette», seier ho.

Pusten avgjerande

Pust

PUST UT: - Set deg ned og pust. Det kan vere magisk, seier lektoren.

Foto: Illustrasjonsfoto: Colourbox.com

– I tillegg er pusten viktig. Det er nordmenn ganske dårlege på. Når ein er stressa pustar ein iallefall gale. Når ein ikkje pustar skikkeleg tenkjer ein dårleg, seier ho.

– Konkret tips når du sit der på eksamensdagen?

LES OGSÅ: Vaksine mot eksamensstress

– Set deg ned på stolen, lukk att auga, føl pusten inn og ut, berre konsentrer deg om pusten. Det er magisk. Den vesle tingen der i fem minutt gjer at du får mykje energi, og slappar verkeleg av, seier universitetslektoren.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %