– Vi skal ikkje gå i dialog med desse klubbane. Den einaste dialogen vi har med dei skjer i rettssalen, seier politistasjonssjef i Kristiansand, Ole Hortemo til NRK.no.
- LES OGSÅ: Festival tillater HA - kan få sponsorflukt
- LES OGSÅ: Hells Angels planlegger storstilt treff
– Det har vore eit tema heime hos oss. Skal vi gå i dialog med dei kriminelle MC-klubbane eller ikkje. Nei, ingen dialog lærte vi i av dansk politi, seier Hortemo.
10 MC-drap
Danskane veit kva dei snakkar om. Ved nyttår feira Hells Angels 30 år eksistens i Danmark. Bande-oppgjer dei siste tre åra har ført til 160 skyteepisodar, og nesten like mange skadde. 10 personar har blitt drept.
Dansk Kripos-sjef, Kim Kliver, reknar med at 1600 personar i Danmark er medlem i kriminelle nettverk - inkludert Hells Angels og Bandidos. I Norge har fleire lokale MC-klubbar tona flagg for Hells Angels. Det har ført til bekymring i fleire norske kommunar.
- LES OGSÅ: Hells Angels fester grepet om Norge
– Legg tidleg press på klubbane. Det må settjast inn trøkk på etterforsking i samband med til dømes narkokriminalitet og tjuveri, seier Kliver.
STOR INTERESSE: Totalt 110 delegatar var samla i København.
Foto: Eirik Damsgaard/NRKFryktar utvikling
Totalt sit 323 danske bandemedlemmer i fengsel i dag.
– Vi har same frykt for utviklinga dei har hatt i Danmark og scenarioa dei teiknar. Klubbane i seg sjølv ynskjer vi å bruke ressursar på å bekjempe. Vi ynskjer ikkje at dei skal etablere seg, seier Ole Hortemo.
- LES OGSÅ: Frykter mer bråk i kommunene
– I den grad eksisterer vil vi fotfølgje dei i forhold til all kriminalitet dei utfører, seier Hortemo.
Mandal kommune erklærte nyleg kamp mot kriminelle MC-miljø. Ordførar Alf G. Møll meiner konferansen i Danmark var nyttig.
I KØBENHAVN: Mette Gundersen og Ole Hortemo.
Foto: Eirik Damsgaard/NRKVil ha apparat
– Vi må vere våkne og jobbe mot at dei får fotfeste, slik at vi får bukt med dette. For dette er ikkje bra, seier Møll til NRK.no.
– Vi har lært at vi skal vere forsiktige med dialog. Vi kan snakka med dei, men dialog på formelt grunnalg må vi vere forsiktige med, seier han.
Konferansen i København kom i stand etter eit initiativ frå Kristiansand kommune. Varaordførar i sørlandsbyen, Mette Gundersen, ser fleire kommunale oppgåver.
– Dette handlar om unge gutar som på ulikt vis vert rekruttert inn i desse kriminelle organisasjonane. Vår oppgåve må vere å ha eit apparat, som kan trå til så tidleg som mogleg, seier Gundersen.