Hopp til innhold

Slik reddar du forholdet i sommar

Ettersommaren er «høgsesong» for samlivsbrot. Her er tipsa og råda til korleis du skal unngå sommarkrangelen.

Geir Risbakken og Ragnhild Risbakken

PÅ FERIE: Geir og Ragnhild Risbakken meiner det er viktig å prate om forventningane til ferien på førehand. – Senk på krava til ferien, er rådet frå ekteparet frå Løten.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Ragnhild og Geir Risbakken

LITE KRANGLING: Ragnhild og Geir Risbakken fortel om lite krangling så langt i ferien.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Snakk saman om forventningane før sommaren. Snakk om kva forventningar kvar enkelt familiemedlem har når ein er på ferie, seier Geir Risbakken til NRK.no.

Tobarnsfaren er i ferd med å ta ut vogna frå bilen, som står parkert i Kristiansand sentrum. Løten-familien på fire skal utforske festninga i Kristiansand.

– Det handlar om å senke litt på krava, og ikkje stresse så forferdeleg. Ta livet med ro og le av tabbar, seier kona Ragnhild Risbakken.

Paret er på ferie i Kristiansand med sine to små barn. I løpet av sommaren blir familien på fire til fem.

– Vi gler oss til det. Det er morro med barn. Sommaren blir nok litt spesiell slik sett, smiler dei.

Vil på shopping

Ferie betyr avkopling frå ein stressande kvardag. Draumar skal kanskje oppfyllast, men ulike behov og interesser kan skape krangel i sommarferien. Det er hedmarkingane bevisst på.

– Det er jo viktig å prate saman om kva ein har lyst til, seier Geir.

– Eg vil gjerne få til ein shoppingtur i løpet av ferien. Det er det eg vil, som kanskje ikkje alle andre er fullt så begeistra for, ler Ragnhild og ser på mannen sin.

– Eg finn meg i det. Skal ein ha det koseleg på sommarferie er det greit at alle får innfridd litt. Så får eg passe barna medan ho handlar litt klede. Eg prøvar jo å involvere meg litt i shoppinga også då, smiler han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kjem tettare på kvarandre

Vi har teke turen til Aust-Agder og Arendal. Det står «Familiekontoret» med store bokstavar over døra. Vi skal treffe familieterapeut Kåre Nygård. Det er han som har i oppgåve å «reparere» skrantande forhold etter sommaren, og ellers i året.

– Har ein plager, smerter eller ting som ein tykkjer er vanskeleg i parforholdet er det lurt å snakke litt om det. Då slepp ein kanskje å drasse dette med seg inn i sommarferien, seier han.

Nygård har kontor i ein gammal bygning i Arendal sentrum. Veggane er trekvite og det står tre stolar og eit bord midt på golvet. Dei tomme stolane står klar for å ta imot par som kjem for å snakke, og for å finne ut om det er vits å halde fram ekteskapet.

– Dersom ein ikkje snakkar saman vert problema raskt forsterka i ein sommarferie. Då kjem ein tettare på kvarandre. Ein har liksom ikkje trening i å stå opp saman, vere saman til frukost, heile føremiddagen, heile ettermiddagen og kveldane veke etter veke, dersom ein har noko ein slit med, seier han.

«Parkerer» problema

Familieterapeut Kåre Nygård

TIPS: Familieterapeut Kåre Nygård seier at det er viktig å snakke om forventningane til ferien på førehand.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Mange par har det gjerne vanskeleg i starten av sommarferien. Då bestemmer dei seg kanskje for å «parkere» det ei stund. Dei tenkjer «la oss fokusere på det som er godt og fint i familien». Det klarar veldig mange, seier han.

– Det er litt greit at konfliktene også kan «feriére» for seg sjølv ned i eit hol eller kvar det måtte vere, smiler Nygård.

Det vart teke ut over 10 000 skilsmisser her i landet i fjor. I tillegg vart det teke ut nesten 12 000 separasjonar. Det er periodane etter jul- og sommarferie som peikar seg ut der flest vel å ta ut separasjon. Det som skulle vere ei flott og god familietid viste seg kanskje å ikkje bli det.

– Vi merkar pågang kvar sommar. Ikkje så mykje i forkant, men i etterkant. Det heng nok saman med at ein del har skrudd forventningane i taket, utan å kanskje snakke om det på førehand, seier han.

– Ein bør senke forventningane slik at det er eit håp om å nå dei, seier familieterapeuten.

Kåre Nygård fortel om fleire årsaker til at ektepar kjem til han for å få hjelp.

– Ofte er dei skuffa over at ting ikkje gjekk som ein trudde. Mangel av prioritering av kvarandre, økonomien som har gått litt skeis, du har kanskje vore for oppteken av dine behov og ikkje mine, så har ein kanskje ikkje fått til å samarbeide godt nok om barna, seier han.

– Dei aller fleste som kjem ynskjer å halde fram forholdet, men sjølvsagt er det nokon som har bestemt seg i løpet av sommaren at dei skal separerast, seier Nygård.

Ekteskap, skilsmisser og separasjonar 2010

Fylke

Skilsmisser

Separasjonar

Inngåtte ekteskap

Østfold

581

722

1256

Akershus

1235

1461

2391

Oslo

1338

1394

4225

Hedmark

373

447

709

Oppland

353

434

677

Buskerud

587

716

1132

Vestfold

590

718

1069

Telemark

366

411

671

Aust-Agder

281

269

502

Vest-Agder

392

468

828

Rogaland

943

1019

2386

Hordaland

938

1047

2292

Sogn og Fjordane

170

166

383

Møre og Romsdal

430

504

1077

Sør-Trøndelag

532

636

1433

Nord-Trøndelag

226

294

530

Nordland

226

294

962

Troms

305

346

714

Finnmark

141

198

340

Totalt i Norge

10 264

11 740

23 577

Ekspander/minimer faktaboks

Slik reddar du forholdet - høyr reportasje

– Hadde litt tilpasningsproblem

Ekteparet Risbakken frå Løten har fått trillevogna ut av bilen. I bilen ligg lille Michelle og søv.

– Kan du vekkje ho og ta ho ut av bilen. Så skal eg montere vogna, spør Geir medan han pratar om kor viktig det er for han å vere positiv i ekteskapet.

– Ein har bestandig diskusjonar om kvar ein skal reise. Men det viktige er den positive haldninga, slik at vi har det artig ilag. Og det er jo ferietur, det er jo det som er i fokus, seier han.

– Har det blitt noko krangling så langt i ferien då Ragnhild?

– Nei, vi har ikkje krangla så mykje i denne ferien. Men i byrjinga når vi vart saman hadde vi litt tilpasningsproblem i feriar. Men vi har tilpassa oss kvarandre, ler Ragnhild medan dottera Michelle er i ferd med å vakne.

Michelle og Ragnhild Risbakken

VÅKEN: Michelle har akkurat blitt vekt av mamma Ragnhild. Familieterapeut Kåre Nygård meiner at barna bør vere i fokus i sommarferien. – Barna er foreldra sin viktigaste verdi. Det å leggje til rette for eit godt ferieopphald for dei, betyr mykje også for foreldra, seier han.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Barna i fokus

For ekteparet frå Hedmark er barna det aller viktigaste i sommarferien. Dei har allereie vore innom Dyreparken. Der fekk dei oppleve Kaptein Sabeltann sin by, løver og apekattar, saman med sine to håpefulle.

– Vi pleiar jo kvarandre når vi er saman med barna våre også. Det å vere saman heile familien ser eg på som å pleie forholdet også, seier Geir.

Kona Ragnhild nikkar.

– Det å ha tid saman med familien er det viktigaste. Det er viktig å tenkje at ein ikkje automatisk skal vere berre oss to. Vi er trass alt ein familie, seier han.

Også familieterapeut Kåre Nygård er særs oppteken av at barna skal ha det bra i ferien. Han meiner at foreldre må gjere det dei kan for å halde eventuelle konflikter borte frå barna.

– For barna betyr det mykje at mamma og pappa smiler til kvarandre og har det koseleg. Barna er foreldra sin viktigaste verdi. Det å leggje til rette for eit godt ferieopphald for dei, betyr mykje også for foreldra, seier han.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Bruk smilet, Kåre!

– Eg hugsar godt når eg skulle avslutte 1. klasse på skulen. Eg lurte veldig på kva eg skulle ha på meg av klede. Då sa bestefar til meg: «Kåre, den viktigaste kledninga du kan ha på deg er smilet ditt. Uansett korleis du går elles, berre du har smilet ditt på, så er du godt kledd for alle høve», fortel han.

– Det å bruke smilet, humor og vere fleksibel i tankane er viktig i ein sommarferie, seier Nygård.

Familieterapeuten meiner også at det er viktig å engasjere besteforeldra i ein sommarferie. På den måten kan ein få aleinetid med kvarandre der ein kan pleie parforholdet.

– Eg har snakka med mange barnebarn som fortel kor mykje besteforeldra har betydd for dei. Eg har også møtt mange foreldre som seier at det er veldig hyggeleg å komme heim til mamma og pappa, men også sivgerforeldra, seier han.

Finn tilbake til kvarandre

Krangel

KRANGEL: Krangling som fører til separasjon betyr ikkje alltid slutten på ekteskapet. Av dei som vert separert tenkjer eg at det iallefall er cirka 15 prosent som klarar å få det til igjen, seier familieterapeut Kåre Nygård. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Ill.foto: www.colourbox.no

Tilbake i Kristiansand er ekteparet Risbakken klar for å utforske festninga.

– Dialog er eit viktig stikkord. Snakk og bli einige om forventningane til ferien på førehand, seier dei to.

Dersom problema i ekteskapet enda med skilsmisse er likevel ikkje alt håp ute, ifølgje familieterapeuten.

– Para som klarar å behalde eit godt vennskap i samband med eit brot, klarar å samarbeide bra, kan lytte til kvarandre, ser eg at finn tilbake til kvarandre sjølv etter år, seier han.

– Av dei som vert separert tenkjer eg at det iallefall er cirka 15 prosent som klarar å få det til igjen, seier Nygård.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Har du tips til korleis ein kan gjere sommarferien bra? Del dine erfaringar og tankar i feltet under.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %