Dermed blir det plass til langt fleire Jerv-supportarar på stadion. I 1. divisjon har klubben kun lov til å sleppe 1800 tilskodarar inn stadionportane.
Bakgrunnen for oppgraderinga er Norges Fotballforbund sine krav til stadionfasilitetar for å få spele i den øvste divisjonen.
Klubben må ha flomlys, undervarme og fleire sitteplassar. Kommunen har allereie lova å hjelpe Jerv økonomisk for å tilfresstille krava.
– Stadion manglar 1250 sitteplassar for å nå minstekravet i klubblisensen. Då stadion har 450 seter under tak, må 550 av dei manglande setene ha tak, skriv anleggssjef Ole Myhrvold i fotballforbundet i eit brev til klubben.
Her er alternativa
Men klubben legg opp til langt fleire nye seter enn dei 550 fotballforbundet etterlyser.
Før onsdagens kamp mot Ullensaker/Kisa presenterte klubben tre ulike alternativ til utviding av tribunekapasieteten på stadion.
I dag har Levermyr stadion 600 sitteplassar og 400 ståplassar på austsida. På den andre sida er det 450 sitteplassar under tak.
I forslag til byggetrinn ein går det fram at klubben vil utvide tribuna på austsida til 1800 sitteplassar. 1200 av setene vil då vere under tak. Dette vil koste kring fem millionar kroner, ifølgje klubben.
I byggetrinn to vert tribuna utvida til 2550 sitteplassar. 1700 av setene vil vere under tak. Prisen for dette skal ligge på kring 10 millionar kroner.
3000 sitteplassar
Klubben har også laga skisser for utviding av tribuna på vestsida. Denne inneheld i dag garderobeanlegg.
I forslaget vert det føreslått å utvide kapasiteten med 350 plassar under tak. Då vil tribuna ha ein kapasitet på 800 sitteplassar mot dagens 450.
Dersom klubben går for full utbygging vil tilskodarkapasiteten blir på 3000 sitteplassar, der 2150 av seta er under tak.
Utbygginga gjer også at klubben får lov til å sleppe inn fleire tilskodarar på ståplassane. Det betyr at Levermyr stadion vil ha ein kapasitet på kring 5000 tilskodarar.