Hopp til innhold

Slik finn du roa i ferien

Ferie skal vere ei tid avkopling, men for nokon kan den bli jag og mas. Sjekk tipsa for å finne roa i påska.

Ro

Å sitte stille og sjå utover havet kan vere det som skal til for å finne roa for nokon.

Foto: VIKENE, SOLVEIG / SCANPIX

– Det er sjølvsagt individuelt. For meg handlar det om å slutte fred med livet mitt. Å akseptere augneblinken som den er. Så tek eg det derifrå. Verken fortida eller framtida er tilgjengeleg.

Årstein Justnes

Årstein Justnes er dekan ved Universitetet i Agder.

Foto: Universitetet i Agder

Sitatet tilhøyrar Årstein Justnes. Han jobbar til dagleg som dekan ved Institutt for religion, filosofi og historie på Universitetet i Agder.

I tillegg er han oppteken av å finne roa gjennom såkalla mindfullness. Det handlar om å vere til stades i situasjonen her og no.

Kanskje du kjenner deg att

Du ser det sikkert føre deg. Du har gleda deg til ein etterlengta ferie etter ein hektisk periode på jobb. Men du klarer ikkje heilt å senke skuldrene.

Huset skal vere reint og fint. Maten skal vere ekstra god. Besøk av vener og familie, som skal vere ein hyggeleg «greie», blir i staden eit strev.

Eller det kan vere at du har sett deg i godstolen med Jo Nesbø si siste bok. Den har du bestemt deg for å ploge gjennom i påska.

Men du klarer ikkje konsentrere deg. Tankane flyr andre staden med ein gang. Det er desse tinga Justnes sjølv har jobba med å kunne kontrollere.

Slik tok han kontrollen

– Ofte er fortida tilgjengeleg i form av grubling, eller framtida i form av bekymring. Ein må prøve å slutte fred begge vegar, og akseptere at slik er det, og vere til stades, seier Justnes.

Som eit døme nemner han ei erfaring han sjølv gjorde seg for ei tid tilbake. På veg til jobb «kasta» han seg ut av bussen og hasta av garde mot universitetet, for å komme raskast mogleg til kontoret for å sjekke e-posten. Dette snudde han heilt rundt.

– Eg byrja å ta bussen og turen opp til kontoret som gåande meditasjon. Eg gjekk seinare og prøvde å vere til stades i kvart skritt og såg på alt rundt meg, seier han.

– Men det gjekk ikkje lang tid før ein kollega kom litt oppskjørta og spurte om det gjekk bra. For han meinte eg hadde seg litt tufs ut, og verka litt deprimert, ler han.

I radioprogrammet «Gul miks» som går på P1 i påska, inviterte vi lyttarane til å komme med sine tips til korleis finne roa i ferien.

Her er nokre av tipsa:

  • Høyre på radio
  • Lage fruktcocktail
  • Gå tur
  • Lese bøker
  • Strikking/handarbeid
  • Sette seg ved PC-en. Då flyr tida
  • Pusle eit puslespel med minst 2000 brikker
  • God bok med klassisk musikk i bakgrunnen
  • Løyse kryssord
  • Berre sitte eller ligge og ikkje gjere noko som helst
  • Å ha menneska som betyr mest for meg rundt meg

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %