– Ah, dette var deilig. Eg hadde ikkje trudd dette etter at eg la opp i fjor, seier Andre Jørgensen Hofstøl.
– Var dette ditt siste seriegull?
– Ja. Eller, du skal aldri seie aldri i handballen, ler Jørgensen Hofstøl.
Han la handballen på hylla etter fjorårssesongen. Men han var med på ØIF-trening gjennom hausten og steppa inn då skadesituasjonen i klubben var på det verste.
Haslum tok sølvet
– Det er stort å vinne gull med ØIF. Det var stort å ta imot medaljen etter kampen, seier han.
Arendalittane har vunne eliteserien to år på rad etter at dei sikra gullet i helga.
Haslum tok sølvmedaljen i årets eliteserie, medan Elverum måtte ta til takke med tredeplass og bronse.
Viking og Stord rykker ned til 1. divisjon.
Skal feire gullet
No ventar det fest for ØIF-gutane i Arendal sentrum.
– Dette fortener gutane verkeleg. Eg har sagt til dei at dei må sleppe seg skikkeleg laus i kveld, seier trenar Marinko Kurtovic.
1400 tilskodarar hylla ØIF-spelarane etter sigeren mot Bodø.
– Det er gøy å sjå at folk møter opp sjølv om vi eigentleg ikkje har noko å spele for. No skal det feirast og eg håpar mange blir med oss, seier Sondre Paulsen.
No ventar ein månad med kamppause for ØIF. I midten av april skal dei i gang med sluttspelet. I kvartfinalen skal dei møte anten Bækkelaget eller Bodø.
– Vi må bestemme oss før klokka ti torsdag kven vi vil møte, seier sportsleg leiar Per Carsten Michelsen.