Slik feira ØIF Arendal seriegullet

ØIF Arendal slo Bodø 20-19 i den siste serierunden i eliteserien i handball. Etter kampen feira ØIF sitt andre serigull.

ØIF feirar sitt andre seriegull
Foto: Sander Heggheim/NRK

– Ah, dette var deilig. Eg hadde ikkje trudd dette etter at eg la opp i fjor, seier Andre Jørgensen Hofstøl.

Andre Jørgensen Hofstøl

Andre Jørgensen Hofstøl med det synlege beviset på at han er seriemeister.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Var dette ditt siste seriegull?

– Ja. Eller, du skal aldri seie aldri i handballen, ler Jørgensen Hofstøl.

Han la handballen på hylla etter fjorårssesongen. Men han var med på ØIF-trening gjennom hausten og steppa inn då skadesituasjonen i klubben var på det verste.

Haslum tok sølvet

– Det er stort å vinne gull med ØIF. Det var stort å ta imot medaljen etter kampen, seier han.

Arendalittane har vunne eliteserien to år på rad etter at dei sikra gullet i helga.

Haslum tok sølvmedaljen i årets eliteserie, medan Elverum måtte ta til takke med tredeplass og bronse.

Viking og Stord rykker ned til 1. divisjon.

Marinko Kurtovic, ØIF Arendal

ØIF-trenar Marinko Kurtovic etter gullfeiringa i Sør Amfi.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Skal feire gullet

No ventar det fest for ØIF-gutane i Arendal sentrum.

– Dette fortener gutane verkeleg. Eg har sagt til dei at dei må sleppe seg skikkeleg laus i kveld, seier trenar Marinko Kurtovic.

1400 tilskodarar hylla ØIF-spelarane etter sigeren mot Bodø.

– Det er gøy å sjå at folk møter opp sjølv om vi eigentleg ikkje har noko å spele for. No skal det feirast og eg håpar mange blir med oss, seier Sondre Paulsen.

No ventar ein månad med kamppause for ØIF. I midten av april skal dei i gang med sluttspelet. I kvartfinalen skal dei møte anten Bækkelaget eller Bodø.

– Vi må bestemme oss før klokka ti torsdag kven vi vil møte, seier sportsleg leiar Per Carsten Michelsen.

ØIF Arendal seriegull

ØIF-spelarane jublar for gullet.

Foto: Sander Heggheim/NRK