Hopp til innhold

Slik er påskeutfarten på vegane

Statens vegvesen har styrka bemanninga på vegtrafikksentralane over heile landet i samband med påsketrafikken. Til no går trafikken stort sett greitt, bortsett frå i Finnmark.

Påsketrafikk 2016

Slik såg det ut ved Hvamkrysset i Akerhus nord for Oslo fredag ettermiddag.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

På fleire strekningar er det innført kolonnekøyring i Finnmark.

– Folk bør berekne god tid om ein ut å køyre. Ein bør ha med godt med klede, mykje drivstoff og mat, seier trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen Nord, Christer Angermo.

Fylkesveg 98 Ifjordfjellet er stengt på grunn av uvêr.

På fylkesveg 890 Kongsfjordfjellet er det innført kolonnekøyring på grunn av uvêr. Det same gjeld på fylkesveg 891 Båtsfjordfjellet.

Vegtrafikksentralen melder også at det kan vere fare for glatte parti både i Nordland og Troms.

Fv. 889 Selvikhøyden

Slik såg det ut på fylkesveg 889 Selvikhøyden i Finnmark ved 18-tida fredag kveld. Der er det innført kolonnekøyring på grunn av uvêr.

Foto: Statens vegvesen

Ber folk ta seg tid

På Sørlandet, Telemark, Vestfold og Buskerud er det som regel E18 og E16 det «flaskar» seg på store utfartsdagar.

– Det er veldig mange bilar ute. Folk må halde køen sin. Hasardiøse forbikøyringar blir berre tull, seier Anniken Island ved Vegtrafikksentralen region Sør til NRK.

Fredag har trafikken gått greitt.

– Det er mykje trafikk på E16 på Sollihøgda, men det er ikkje forseinking på meir enn kring ti minutt, seier ho.

Det har vore fleire trafikkuhell på E18 i både Vestfold og Agder-fylka fredag ettermiddag, men trafikken går stort som normalt der fredag kveld.

Sollihøgda E16

Slik såg det ut på E16 på Sollihøgda klokka 18 fredag kveld.

Foto: Statens vegvesen

To uhell på E6

Også på Austlandet går påsketrafikken stort sett greitt.

Det har vore to trafikkuhell på E6.

Dette fører til saktegåande kø frå Oslo sentrum til Jessheim.

– I tillegg til påskeutfart er det mykje trafikk i samband med Birkebeinerrennet. Så det er nordover dei fleste køyrer. Bortsett frå to trafikkuhell går dette greitt, seier Christofa Kei-Nilsen ved Vegtrafikksentralen region Aust.

Karihaugen E6

Slik såg det ut på E6 med Karihaugen aust for Oslo fredag ettermiddag.

Foto: Statens vegvesen

Ferjer innstilt på Vestlandet

Også på Vestlandet går trafikken greitt.

Bortsett frå ferjene Kinsarvik – Utne, og Kvandal – Utne, som er innstilt på grunn av tekniske problem, er det ikkje meldingar om forseinking i trafikken.

– Det er mykje trafikk på ferjene i Stavanger-området, men det er ikkje meldt om ekstra ventetid, seier Jon Andreas Omdal ved Vegtrafikksentralen region Vest.

I Møre og Romsdal, og trøndelagsfylka er det ikkje meldt om problem i trafikken utover vanleg ettermiddagsrush.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 04 1,61 kr
Dyrest kl. 07 3,12 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,7 kr 25 min.
  • Dusje 6,5 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %