NRK Meny
Normal

Det blir truleg drøymehelg på Sørlandet

Sørlendingane kan gle seg til ei pinsehelg med fantastisk sommarvêr.

Bystranda i Kristiansand

Det blir truleg gode forhold for strandliv pinsehelga på Sørlandet.

Foto: Anne Torhild Nilsen / NRK

– Sørlandet ser ut til å få veldig mykje fint vêr, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss til NRK.

Det er riktignok fare for enkelte regnbyger laurdag.

Måndag og tysdag ligg alt til rette for gode dagar i strandkanten eller i båten.

– Det ser ut til å bli mykje sol. Det kan bli litt lokal tåke om morgonen. Når sola får varma skikkeleg opp forsvinn tåka og det blir fine føremiddagar og ettermiddagar, seier statsmeteorologen.

Inngangen til pinsa kan likevel bli litt meir ruskete. Prognosane viser fare for nedbør.

– Det blir periodar med sol og moglegheit for nokre regnbyger utover dagen. Men jo lengre ut på dagen vi kjem, jo mindre truleg er det at bygene dukkar opp. I kveld reknar eg med lettare skydekke, seier han.

Trass i at helga ser særs lys ut på vêrfronten blir det ikkje langvarig solskinn og høge temperaturar.

– Tysdag kan bli ei våt affære, men det tek vi med ei klype salt. Det blir litt ustabil luft og det kan nok halde fram utover neste veke, seier Gislefoss.