NRK Meny
Normal

Sleppte unna skader i kollisjon

To bilar frontkolliderte på Neset ved Tjøhom i Sirdal.

Dei første meldingane gjekk ut på at det var personskade.

– Kun lettare personskade. Ambulanse og politi er på veg til staden, skreiv Rogaland politidistrikt på Twitter.

Seinare kom politiet med ei oppfølgjing:

– Det viste seg at det ikkje var personskade. Ingen politisak, skriv politiet.

Ulykka skjedde på fylkesveg 468 mellom Tjørhom og Tonstad i 16-tida, skriv Aftenbladet.