Hopp til innhold

Slår ring om læraren etter puppeprøve

Elevar ved Vågsbygd videregående skole i Kristiansand meiner at ein lærar ved skulen er unødig hengt ut etter at han gav elevane ein puppetest.

Dina Vonen og Randi Nordihus

Dina Vonen og Randi Nordihus reagerer på mange medieoppslag etter at ein lærar gav elevar ei uhøgtidleg prøve med bilete av puppar.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Puppar er ikkje tabu. Eg tykkjer det var eit morosamt forsøk på å gjere undervisninga meir spennande, seier Randi Nordihus til NRK.

–Vi opplever urettferdig behandling av vår kontaktlærar og måten han er framstilt på i media og på skulen. Det er utruleg urettferdig at ein slik test skal øydelegge så mykje. Det er snakk om ein intern spøk mellom ein klasse og ein lærar, seier Dina Vonen.

Fekk bilete av 20 puppar

30 avgangselevar ved skulen fekk ei lekseprøve med bilete av 20 puppar.

Elevane skulle krysse av på om puppane var ekte eller falske.

Det var Fædrelandsvennen som først omtala puppeprøva. Seinare har også ei rekkje riksmedium omtala saka.

Ifølgje avisa la læraren med denne teksten: «Dette er kan hende så fjernt i fra lekser som det er mulig å komme, og er rett og slett en uhøytidelig start på siste uka før eksamenstrekket! NB – pass på så du ikke blir sittende og glane – gå videre! Oppgaven er lett – er de ekte eller falske?».

Vågsbygd videregående skole

Vågsbygd videregående skole i Kristiansand.

Foto: Eie, Lars / NRK

Meiner dette er humor

Dei to elevane NRK har snakka med går ikkje i avgangsklassen, som fekk prøva. Men dei har læraren som kontaktlærar.

– Humoren ligg i at han vil variere undervisninga for elevane. At vi ikkje skal sitte i klasserommet å få det same kvar einaste gong. Å gjere noko spektakulært er jo humor i seg sjølv. Å gå litt utanfor grensa. Det var ikkje sinnssjukt morosamt, men han ville gjere noko annleis, seier Vonen.

Kjetil Jensen, rektor Vågsbygd videregående skole

Kjetil Jensen er ved rektor Vågsbygd videregående skole.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Rektor Kjetil Jensen er ikkje med på at puppeprøva er humor.

Han tok straks kontakt med læraren, då han fekk vite om prøva gjennom ein journalist frå Fædrelandsvennen.

– Eg snakka med den aktuelle læraren og gav umiddelbart uttrykk for at dette ikkje er morosamt. Eg syns ikkje det passar seg. Eg tykkjer det er uheldig for læraren sjølv og for skulen, seier han til NRK.

– Når ein set seg ned og tenker gjennom dette, er det mange ulike etiske moment som kjem inn i saka. Om det er humoristisk eller ikkje – det er underordna, meiner rektoren.

– Kroppspress

Dei to elevane seier samstundes at dei forstår at enkelte kan kjenne seg støytt av puppeprøva.

– Eg kan skjøne at nokon ikkje tykte det var morosamt, og at nokon kan ha følt seg støytt av det, i og med at det er mykje kroppspress. Eg trur ikkje læraren meinte å leggje kroppspress på elevane, då han laga denne testen, seier Nordihus.

– Denne saka isolert sett avgjer ikkje om ein lærar er god eller dårleg. Det er viktig å få fram. Vi har reagert på eit enkelttilfelle vi meiner ikkje er akseptabelt, seier rektor Kjetil Jensen.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %