Hopp til innhold

Slakta dommarane etter tapet mot Kristiansand

– Vi spelar ein jævlig dårleg kamp. Det høyres veldig dumt ut, men når du set eit urutinert dommarpar på ein slik kamp blir det for dumt for meg. Dei dømmer oss heilt bort. Eg blir heilt forbanna. Men Kristiansand er betre enn oss i dag, seier ØIF Arendal-spelar Jørg William Fiala Gjermundnes.

Kristiansand Topphåndball slo ØIF Arendal 32-21 føre eit fullsett Aquarama.

– Veldig, veldig digg. Eg er audmjuk og stolt over gutane i dag. Eg har ingenting vondt å seie om Arendal. Eg hatar dei på bana, all respekt utanfor bana, Kristiansand-spelar Håkon Pettersen.

Kristiansand passerte ØIF Arendal på tabellen etter sigeren. Dei ligg no på 5. plass. ØIF ligg på plassen bak, eitt poeng bak naboen i vest.