Hopp til innhold

Skyllebøtte gav scoringsshow

Vipers-trenar Gunnar Pettersen var så misnøgd med innsatsen til Tonje Refsnes (19) at han skjelte ho ut i pausen. Det gav resultat.

Tonje Refsnes

Tonje Refsnes spelte ein svak første omgang mot Byåsen. I andre omgang heva ho seg og vart toppscorar.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Vipers leia riktignok 17-14 over Byåsen til pause. Men trenaren irriterte seg grønn over Refsnes sine mange tekniske feil og dårlege val i første omgang.

– Når du er 19 år, kjem frå Evje, berre har spelt 2. divisjon, så er det ganske fantastisk å tåle den. Det var «man to man». Eg fortalde henne kor elendig ho var, sier Gunnar Pettersen til NRK.

– Det var ei tordentale retta kun mot Tonje. Det som er mogleg å gjere gale, det gjorde ho gale i første omgang. Når vi har dei skadene vi har, så måtte eg få ho i gang. Det var ein kalkulert risiko, seier han.

Vipers time-out

Gunnar Pettersen gav Tonje Refsnes ei skyllebøtte i pausen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Trudde ho skulle grine

19-åringen svara med å levere ein knallsterk andre omgang. Skyllebøtta gjorde at Refsnes vart kampens store spelar og vart toppscorar med åtte mål.

Sakura Hauge, Vipers Kristiansand

Vipers-keeper Sakura Hauge.

Foto: Sander Heggheim/NRK

– Eg veit ikkje om eg kan seie kva han sa, ler Refsnes.

– Han var ikkje nøgd og sa at eg måtte ta meg saman. Eg måtte gå i meg sjølv og gjere det betre, seier ho.

Keeper Sakura Hauge trudde nesten ikkje det ho såg og høyrde då Pettersen rasa ifrå seg i garderoben.

– Han skreik fy faen så dårleg, og bla bla bla. Først verka det ikkje som om han skulle seie noko. Så tok han det utover ho. Eg trudde ho skulle grine, men det er bra ho responderer slik ho gjer, seier Hauge.

Køyrde over Byåsen

Tonje Refsnes vedgår at det var deilig å få det til i andre omgang.

– Det er gøy og litt befriande når det har gått litt trått, seier ho.

Også sjefen sjølv var nøgd med responsen.

– Det fortel meg at det er ei jente som ser sjølv at ho ikkje var god nok. Ho evnar å endre seg. Det byttar ikkje å spele eliteserie på 85 prosent som ho gjorde i første omgang, seier Pettersen.

Vipers Kristiansand var det klart beste laget mot Byåsen. Sørlendingane vann kampen til slutt 31-23 og er med i medaljekampen i eliteserien.

Over 1600 tilskodarar såg kampen i Aquarama. Det er ny rekord denne sesongen.

Jessy Kramer, Vipers

Jessy Kramer (t.h.) scora seks mål for Vipers mot Byåsen.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,05 kr
Dyrest kl. 21 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %