Hopp til innhold

Skulle hente inspirasjon til ny Vipers-hall: – Holy moly!

Vipers Kristiansand må ha ny hall for å kunne delta i meisterligaen i framtida. Kommunen vil bygge ny og vart begeistra då dei reiste på inspirasjonstur til Budapest.

Sjå idrettssjef Christian Jørgensen og varaordførar i Kristiansand, Erik Rostoft, gå inn i MVM Dome i Budapest.

– Wow, det er det sjukaste, seier idrettssjef Christian Jørgensen i Kristiansand når han går inn i mektige MVM Dome i Budapest.

– Det er litt større enn heime, ja. Ti-gangen Aquarama, seier varaordførar Erik Rostoft.

Duoen representerte kommunen i samband med at Vipers Kristiansand spelte meisterligafinale i Budapest.

Dei skulle blant anna hente inspirasjon til ein ny hall i Kristiansand.

Arenaen har plass til over 20.000 tilskodarar.

Dei fekk blant anna vere med på omvisning i finalearenaen MVM Dome.

Ein av dei største innandørshallane i Europa.

– Heilt rått

Vipers vann meisterligaen for tredje år på rad. Men heimebana til Vipers står ikkje i stil til dei sportslege prestasjonane.

Hallen tilfredsstiller ikkje krava for å delta i meisterligaen.

Verdas beste kvinnelag har fått dispensasjon til å spele i Aquarama med ein tilskodarkapasitet på rundt 2000.

– Det er veldig inspirerande. Slike idrettsarrangement er noko anna enn berre idrett. Vi må nok opp i skoa litt heime også, seier Rostoft.

– Eg veit ikkje heilt kva eg skal tenkje. Det er heilt rått. Eg såg føre meg ein hall, men ikkje dette, Eg trudde ikkje handball var så «gale» og så stort, seier Jørgensen.

Vipers varmer opp i Aquarama

Aquarama i Kristiansand tek kring 2000 tilskodarar. For å spele i meisterligaen må det vere plass til minst 3000 tilskodarar.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Vil bygge fleirbrukshall

Det har vore snakk om bygging av ny hall i fleire år allereie.

Ein arena som skal innehalde fasilitetar til fleire idrettar, konsertar, messer og andre arrangement.

Truleg vil ein ny arena bli bygd på Gimlemoen.

– Byen vil trenge ein innandørs idrettsarena før eller seinare, dersom ein skal ha toppidrett på det nivået Vipers er på no, seier Morten Jørgensen i Vipers.

I tillegg til idrettssjefen og varaordføraren var kommunen representert med fleire.

Blant andre ordførarkandidatane til Høgre og Arbeidarpartiet.

MVM Dome, Budapest

MVM Dome i Budapest med plass til over 20.000 tilskodarar.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Ingen lovnader frå ordførarkandidatar

Men ordførarkandidatane vil ikkje love når ein ny hall står klar i Kristiansand.

– Vi har det i programmet og vil leggje til rette for at arenaen kjem på plass så raskt som mogleg. Dette hastar. Vipers, verdas beste handballag, tren ein framtidsretta arena, seier Mathias Bernander (H).

– Kan ein ny hall stå klar til neste periode i bystyret?

– Eg torer ikkje å seie det til deg no. Vi må komme i gang. Det er mange x-faktorar her. Men vi skal ha fullt fokus på det frå dag ein i neste periode. Det kan eg love, seier Bernander.

Kristiansand kommune på omvisning i MVM Dome i Budapest

Arrangøren viste blant anna fram dei flotte VIP-områda i hallen.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Cultiva: – Interessert

– Det er viktig å ta med dette som inspirasjon. Ta det med heim, trekkje pusten og sjå kva som er mogleg og kva Kristiansand treng, seier Kenneth Mørk (Ap).

– Når kan ny hall står klar?

– Viss vi finn gode løysingar saman med andre idrettar treng det i alle fall ikkje vere ti år fram i tid, seier Mørk.

Også leiaren i stiftinga Cultiva var med på omvisinga i Budapest. Ho vil ikkje love støtte til hallprosjektet.

– Vi sparar til store investeringar, men vil aldri initiere. Men vi vil vere interessert i å vere ein part dersom det skulle komme opp noko, seier dagleg leiar Kirsti Mathiesen Hjemdahl.

Mathias Bernander og Kenneth Mørk

Ordførarkandidatane Mathias Bernander (H) og Kenneth Mørk (Ap) følgjer nøye med under omvisinga i MVM Dome i Budapest.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Feiret Eid med bønn og kake i Kristiansand 01:53
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 03 0,7 kr
Dyrest kl. 08 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %