Det var kapteinen som onsdag før lunsj melde frå om at skipet hadde hatt ei såkalla grunnberøring i nærleiken av Strømstad i Sverige.
Fullriggaren Sørlandet har 85 personar om bord, blant dei 66 elevar som er på utveksling.
Ingen av passasjerane skal ha komme til skade. Det er heller ikkje registrert skade på skipet eller miljø, ifølgje ei pressemelding.
Kallast heim umiddelbart
Leiinga i stiftelsen Stiftelsen Fullriggeren Sørlandet kallar fullriggaren heim til Kristiansand fordi skroget må inspiserast.
– Vi har bedt kapteinen om å komme til Kristiansand umiddelbart, seier administrerande direktør Knut Arne Gjertsen til Fædrelandsvennen.
– Vi følgjer alle prosedyrar for slike hendingar. Når Sørlandet kjem til kai fredag klokka 11 vil dykkarar, DNV og Sjøfartsdirektoratet stå klare for å undersøkje skroget for tryggleiks skuld, seier Gjertsen i ei pressemelding.
– Vi følgjer alle prosedyrar for slike hendingar, seier administrerande direktør Knut Arne Gjertsen.
Foto: Vetle Hjortland / NRK– Udramatisk
Gjertsen seier det ikkje er noko dramatikk knytt til hendinga, og at stiftelsen ynskjer å gå ut med informasjon om kva som har skjedd, for å unngå unødig spekulasjon.
– Sjølv om dette er ganske udramatisk handterer vi dette med det største alvor og profesjonalitet, seier Gjertsen.
Dei føresette til elevane er også informert om hendinga.
Skipet skal ikkje ha fått synlege skader som følgje av grunnstøytinga.
Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRKEit skoleår til sjøs
Den 21. august la Skoleskipet Sørlandet frå kai i Kristiansand.
Skulevegen for de 66 elevane starta i Skagerak, før ferda går vidare nedover det Europeiske kontinentet.
Dei følgjer ei rute som i gamle dagar kaltes «trade winds».
Tre veker på ope hav ventar dei etter nyttår, når skipet vender kursen mot Karibia.
Der vil dei besøke øyer som Grenada, Guadeloupe og Puerto Rico.
I august la Skoleskipet Sørlandet frå kai i Kristiansand, og ut på det opne hav med 66 elevar om bord.
Foto: Vetle Hjortland / NRK