Hopp til innhold

Skulebuss segla inn i fjellveggen: – Galskap å køyre utan kjettingar

Bilbergarar måtte knuse ei rute for å få skuleelevar ut av bussen som sklei av vegen. Elevane sat i bussen i over 40 minutt etter å ha blitt sperra inne.

Buss sklei av vegen

Bilbergarar måtte knuse ei rute i bussen for å få elevane ut.

Foto: Dag Vidar Thorvaldsen

– Ein blir berre redd. Spesielt etter dette. Gutungen har sjølv vore redd for å vere med bussen på glatta, seier Dag Vidar Thorvaldsen.

Rundt klokka åtte torsdag morgon sklei skulebussen med kring 15 barn av vegen på Hesland utanfor Mandal.

Thorvaldsen stod og såg på saman med son sin då bussen kom seglande.

– Eg byrja å lure på korleis dette skulle gå. Ein får litt panikk spesielt når det er mange barn i bussen. Heldigvis gjekk den ut på riktig side av vegen. På den andre sida er det bratt, seier han.

– Det var ikkje stor fart, men bussen hadde ikkje kjettingar på. Det er galskap å køyre her utan kjettingar, seier han.

DAG VIDAR THORVALDSEN og sonen

Dag Vidar Thorvaldsen og sonen var vitne til at bussen sklei av vegen.

Foto: Anne Wirsching / NRK

Klink is i fleire dagar

Bussen hamna i grøfta oppetter ein fjellvegg. Det første til at begge dørene var blokkerte, slik at ingen kom seg ut.

Dermed måtte bilbergarane knuse ei rute på bussen for å få barna ut. Barna sat i bussen i over 40 minutt før dei kom seg ut, ifølgje faren.

– Forholda på vegen er heilt elendige. Det har vore klink is sidan helga, seier Thorvaldsen.

Det var både barne- og ungdomsskuleelevar på bussen. Ifølgje Thorvaldsen var spesielt dei minste barna prega etter hendinga.

Buss sklei av vegen

Det er klink is på vegen i området der bussen sklei av vegen.

Foto: Dag Vidar Thorvaldsen

Busselskap: – Burde hatt kjetting

Dagleg leiar i Sørlandsruta, Erik Abramsen, er glad for at ingen vart skadde då bussen sklei av vegen.

Han vedgår at bussen ikkje var skodd etter forholda på staden.

– Det er ganske opplagt for alle at bussen burde hatt kjetting. Når den ikkje hadde det er det fordi sjåføren ikkje hadde kunnskap om forholda. Men forholda er veldig varierande. Det er særs krevjande for sjåførane fordi det vekslar så veldig, seier Abramsen.

– Sjåførane våre står verkeleg på og gjer dette så sikkert som mogleg. Eg har veldig medkjensle for dei som var i bussen og forstår at kanskje spesielt dei minste barna har opplevd dette dramatisk, seier han.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %