Det var like ved Høie fabrikker det brann.
– Det brann ganske godt ei stund. Vi såg flammar, men det var mest røyk. Det ser ut til at dei har kontroll no, seier Cathrine Aas til NRK.
Ho bur like i nærleiken, og det var ho som varsla brannvesenet om at det brann.
– Det lynte og tordna kraftig her i går. Det kan jo vere at det har ligge og ulma etter det, seier Aas.
Brannmannskap frå både Kristiansand og Vennesla rykte ut til brannen.