Skjærgårdsskolen i Grimstad er offer for eit politisk spel når dei enno ikkje har fått godkjent skulen og dermed ikkje får stønad frå staten.
Vert stadig utsett
Det hevder skulen sin advokat, Per Jakob Haakstad. Han seier han har desse opplysningane frå ein person sentralt i Kunnskapsdepartementet.
Departementet har og overfor NRK fleire gonger i løpet av sumaren og hausten lova å ha ferdigbehandla anka til Skjærgårdsskolen innan kort tid.
Dei seier det er stor arbeidsmengde som gjer at resultatet stadig vert utsett.
Mista stønaden
Under statsråd Clemet mista skulen til den karismatiske Skjærgårdskirka i Grimstad stønaden. Grunnen til dette var økonomisk rot. I følge kjelda Haakstad refererer skjøna departementet raskt at skulen likevel hadde rett til godkjenning. Men avklaringa kjem ikkje fordi dei voner at problemet skal løyse seg sjølv.
Fått fleire løfte
No har skulen drive eit år medan de har venta på ein behandling av anka. Både Haakstad og rektor Jan Åge Gabrielsen seier dei fleire gonger har fått løfter frå Departementet om når saka skulle vere klar, tidlegast i februar. No seier Kunnskapsdepartementet at dei tek sikte på januar 2006. Men skulen er lei av å vente og Haakstad anbefaler dei å gå til Oslo Tingrett for å få skulepengane attende så snøgt som råd.