– Vi opplever tidenes rekordpåske med tanke på omsetning. Akkurat no er den rundt 3500 gjester i bakken, seier Sture Pilegård ved Hovden skisenter til NRK.
– Så langt har det vore heilt fantastisk. Det ser ut til at vi går mot den beste sesongen nokon gang. No er det 1400 menneske i bakken i tillegg til alle i løypene rundt om, seier Øystein Tjørhom ved Tjørhomfjellet i Sirdal.
Gode løyper
Strålande sol om dagen og kulde om natta gir topp forhold for skiglade påsketuristar. På Hovden var det 24 minusgrader fredag morgon.
– Det er veldig viktig med tanke på å bevare kvaliteten i anlegget at det er kaldt om natta. Då får løypene sett seg skikkeleg, seier Pilegård.
– Løypene held kjempegodt og vi får mykje skryt. Med tanke på at det er så seint på sesongen og vi har så harde og gode løyper er eigentleg heilt utruleg, seier Tjørhom.
Begge skisentra påpeikar at påske, saman med jul og vinterferie, er den viktigaste perioden omsetningsmessig.
Viktig periode
I Sirdal reknar ein med at påska utgjer 20 prosent av den totale omsetninga.
– Påska er alfa omega for oss. Dei siste åra har ikkje påska vore så veldig bra. Så det er viktig at vi får eit godt år i år, seier Tjørhom.
– Det er usedvanleg viktig at påska går bra for oss økonomisk. Det er tida då vi har høgast omsetning. Det ser ut som ei maurtue skiløypene. Det er eit godt teikn, ler Pilegård.