Skifolket må vike for villreinen etter årevis med konfliktar

Europas sørlegaste villreinstamme skal i større grad skjermast frå skituristane. Dermed kan skiløparane bli tvinga til å legge om ruta.

Villrein

Villreinstammen i Setesdal Vesthei er den sørlegaste i Nord-Europa. No kan dyra få meir ro også når det er mykje folk i fjellet.

Foto: Anders Mossing / Norsk villreinsenter

– Reinsdyra treng fred og ro. Simlene er drektige og det er lite mat. Det er tøffe tak for eit reinsdyr no, seier løypekøyrar Grete Breivik.

Breivik og kollegaene køyrer opp milevis med skiløyper på Hovden i Setesdal.

Tusenvis av skituristar er i fjellbygda i påska, men i framtida kan dei i verste fall møte stengde skiløyper der det er villrein.

Grete Breivik

Grete Breivik køyrer opp skiløyper på Hovden. I framtida kan ho måtte legge om ruta for å ta omsyn til villreinen.

Foto: Jan Jørg Tomstad / NRK

Årevis med konfliktar

Bykle kommune innfører det dei kallar «tilpassa løypekøyring». Det inneber blant anna stenging av løyper når det er reinsdyr der.

– Vi ynskjer å ha ein måte å køyre løyper på der vi samarbeider med reinsdyra. Når det er reinsdyr i området stenger vi løypene, eller vi merkjer løypene og ber folk om helst å halde seg unna, seier Bykle-ordførar Jon Rolf Næss.

Det er Europas sørlegaste villreinstamme som held til i Setesdal Vesthei.

Forslaget om å stenge løyper der reinsdyra er, vart lansert i fjor etter konfliktar med skigåarar.

Villrein i Setesdal

Dette bilete vart teke av ein turgåar i Setesdal i fjor.

Foto: Henrik Sørensen

Merka med GPS

Kvart år sender også Fylkesmannen i Agder ut oppfordring om å ta omsyn til villreinen. Dyra er GPS-merka. Det gjer det lettare å finne ut kvar dyra er til ei kvar tid.

– For meg høyrest dette fornuftig ut. Klarer ein å halde oversikt over kvar reinsdyra er, så bør det vere mogleg å kunne preparere løyper til oss skiløparar, seier skiturist Øyvind Jorstad.

– Eg har gått mykje på Hardangervidda og stadig sett reinsdyr. Ein må ikkje oppsøke dei akkurat, men det har med sjarmen av fjellet å gjere, seier Anders Kolbjørnsrud.

Med GPS-merking og oversikt over villreinen, kan det bli nye

– Eg tykkjer det er veldig greitt. Då får dyra gå i fred og vi slepp å uroe dei, seier Breivik.

Villrein i Setesdal

Villreinen i Setesdal er merka med GPS.

Foto: Jan Jørg Tomstad / NRK