Skal teste hjortedyr for dødeleg sjukdom

Chronic Wasting Disease (CWD) angripar nervecellene til hjortedyr. No skal Mattilsynet og kommunane i Agder finne ut om sjukdommen finst på Sørlandet.

Kronhjort hjort bukk frønningen

Mattilsynet skal saman med kommunane i Agder teste hjortedyr for den alvorlege dyresjukdomen Chronic Wasting Disease.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Denne veka skreiv NRK at 25 kaninar i Kristiansand måtte avlivast etter eit utbrot av smittsam gulsott.

No skal Mattilsynet saman med kommunane i Agder teste hjortedyr for den dødelege sjukdomen Chronic Wasting Disease (CWD).

CWD er ein alvorleg dyresjukdom som er dødeleg for dyra som blir smitta. Sjukdommen angripar hjortedyr, som vil seie elg, hjort, rein og rådyr.

Fryktar sjukdomen har fått fotfeste

Nyleg blei sjukdommen påvist på ein villrein i Sogn og Fjordane og to elgar i Trøndelag.

Karin Lillebostad, Mattilsynet Agder

Seniorinspektør og veterinær hos Mattilsynet, Karin Lillebostad

Foto: Mattilsynet

Sjukdomen har aldri tidlegare blitt påvist i Europa, men er kjent frå USA og Canada, ifølgje seniorinspektør og veterinær hos Mattilsynet Karin Lillebostad.

– Det vi fryktar no er at dette er ein sjukdom som har fått fotfeste hos ville hjortedyr. Men sidan vi ikkje veit omfanget av sjukdommen trappar vi no opp prøvetakinga av hjort i Noreg.

No vil Mattilsynet i Agder ha hjelp av sørlandskommunane for å ha kontroll på sjukdommen.

For å kartleggje omfang av CWD hos hjortedyr i Noreg er det utarbeidd eit overvakings- og kontrollprogram for 2016. Lillebostad fortel at det er eit omfattande program som er sett i verk.

– Det skal takast prøver av alle døde, sjuke og trafikkskadde hjortedyr over eitt år i heile Noreg. I Vest-Agder skal det i tillegg organiserast innsamling av prøver av så mange dyr som mogleg som fellast i løpet av første veka av elgjakta. Dette gjeld kommunane Kristiansand, Marnardal, Vennesla og Songdalen.

Ingen tilfelle av smitte til menneske

Erfaringar frå USA og Canada viser at menneske ikkje treng vere redde for smitte, verken frå dyr eller kjøt.

– Det er ein sjukdom som angripar nervesystemet, og gir symptom som til dømes unormal oppførsel eller avmagring hos dyra. Om ein oppdagar sjuke hjortedyr har ein meldeplikt til Mattilsynet, seier Lillebostad.

Sjukdommen smittar via direkte kontakt mellom dyr, eller indirekte via beiting. Men det er ingen kjente tilfelle av smitte mellom dyr og menneske.

Elgjakta vil gå som normalt

Lillebostad opplyser om at elgjakta på Agder sannsynlegvis vil gå som normalt.

For å få oversikt over sjukdommen er det i Noreg blitt laga ei forskrift for å avgrense spreiing.

– Den forskrifta inneber blant anna forbod mot flytting av levande dyr utover fylkesgrensene eller ut av landet, seier Lillebostad.

– Prøvene som skal takast ut er ei hjerneprøve, vi er difor avhengige av at hovuda følgjer med viltslakt inn til viltmottaka. Det er også ganske viktig at dyr som fellast ikkje avlivast med skot i hovudet, då øydelegg ein prøva.

Hjerne fra hjortedyr med CWD

Hjerne frå eit hjortedyr med prionsjukdommen CWD.

Foto: Sylvie Lafond Benestad / Veterinærinstituttet