Hopp til innhold

Skal stoppe kriminelle MC-klubbar

20 norske kommunar i tillegg til norsk politi reiser til Danmark for å lære korleis ein skal hindre at kriminelle MC-klubbar får etablere seg.

Video Hells Angels

HELLS ANGELS: Norske kommunar skal lære av danskane korleis ein skal hindre at Hells Angels får etablere seg. (Arkivfoto)

Foto: Nyhetsspiller

– Danskane har mykje lenger erfaring med MC-klubbar som er kriminelle. Der kan vi lære mykje fordi vi har sett i gang arbeid for å motarbeide rekruttering til desse miljøa blant nokre av ungdommane i byen, seier varaordførar (Ap) i Kristiansand, Mette Gundersen til NRK.no.

Storbynettverk

Mette Gundersen

TIL DANMARK: Mette Gundersen (Ap) reiser til Danmark for å lære om korleis ein kan hindre at Hells Angels etablerer seg. (Arkivfoto)

Foto: Svein Sundsdal / NRK
Åse Michaelsen (Frp)

TIL DANMARK: Åse Michaelsen (Frp) frå justiskomiteen på Stortinget blir med til Danmark.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

I fjor avslørte politiet at Hells Angels prøvde å rekruttere ungdommar frå det nynazistiske miljøet i Kristiansand til ein av støttegruppene sine. I storbynettverket i KS tok Kristiansand kommune opp at det var eit behov for meir kunnskap om korleis ein skal drive førebyggjande arbeid.

– Det viser seg at fleire av dei store kommunane i Norge slit med å finne gode løysingar til korleis ein skal møte dei kriminelle miljøa, seier Gundersen.

– Fleire små kommunar opplever også dette som vanskeleg. Då trur vi det er rett å vende oss til dei som har god kunnskap og mykje erfaring rundt dette, seier ho.

20 kommunar til Danmark

Innspelet frå Kristiansand er no blitt til eit stort seminar i København i mars. Der skal representantar frå rundt 20 kommunar og politi delta.

– Det går å lære av danskane på både godt og vondt. Dei har hatt dette problemet i mykje lenger tid enn i Norge, og i mykje større breidde, seier Yngve Carlsson i KS.

– Vi kan spørje danskane kva dei har å formidle til oss av både gode og dårlege erfaringar vi kan lære av i Norge, seier han.

– Skal gjere livet surt for HA

Også justiskomitèen på Stortinget skal vere med til København.

– Det er viktig at vi som sit på Stortinget og har justisfeltet, som vårt abeidsområde veit kva som skjer. Vi ser at vi vil stå overfor dei same utfordringane som danskane med framveksten til Hells Angels, seier stortingsrepresentant i Vest-Agder, Åse Michaelsen til NRK.no.

– Vi vil vite kva type ungdommar og personar som vert rekruttert. Vi vil vite korleis vi kan førebyggje dette og korleis vi kan hindre rekruttering. Vi må finne ut korleis vi kan gjere livet surt for at desse grupperingane, slik at dei ikkje skal få etablere seg, seier ho.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 5,7 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,4 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %