NRK Meny
Normal

Skal sikre mobilnettet i krisesituasjonar

No skal mobilnettet bli mindre sårbart for straumbrot i Vest-Agder. I kvar kommune skal det byggjast ut reservestraum på ein prioritert basestasjon.

Telenor har nye problemer med mobilnettet

Det skal sikrast betre batterikapasitet på ein basestasjon i kvar kommune i Vest-Agder. Det skal sikre mobilnett dersom straumen fell ut i til dømes uvêr.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

– Bakgrunnen for prosjektet er erkjennelsen av ein krisesituasjon der straumen forsvinn. Då vil dei fleste mobilbasestasjonar slutte å virke etter ei tid når batteribackupen sluttar å fungere. Det er snakk om veldig få timar, seier fylkesberedskapssjef i Vest-Agder Yngve Årøy til NRK.

Yngve Årøy

Beredskapssjef i Vest-Agder Yngve Årøy.

Foto: NRK

Fylkesmennene er blitt bede om å velje ut ein basestasjon i kvar kommune der ein skal sikre straumtilførsel når straumen fell ut. Det kan til dømes vere i uvêr der straumnettet vert slege ut.

Prioriterer tre kommunar

– Slik vil mobiltilgangen vare lenger i ein situasjon der straumen forsvinn, seier Årøy.

Med reservestraum ved basestasjonane kan mobilnettet «leve» i tre døgn. Kristiansand, Flekkefjord og Audnedal er blant kommunane som vert prioritert først.

– Vi vil prioritere Flekkefjord på grunn av sjukehuset i sentrumsområdet. Kristiansand på grunn av byen si rolle som regionsenter og fordi dei husar nesten halvparten av Vest-Agder sine innbyggjarar, seier fylkesberedskapssjefen.

– Vi prioriterer Audnedal fordi vi er kjende med at dei har forholdsvis dårleg dekning frå før. Fell basestasjonen ut er det få alternativ å bruke, seier Årøy.

Ordførar: – Vi har verkeleg problem

Ordførar i Audnedal Tønnes Seland er glad for at kommunen hans blir prioritert.

– Vi har verkeleg problem i kommunesenteret Konsmo med stadig små straumutfall og dårleg reservekapasitet på batteri på mobilsendaren, seier han.

– Ved utfall av straum er vi i praksis utan mobil. Veldig mange menneske har no vanleg fasttelefon via breiband. Då er vi eigentleg utan kommunikasjon frå Rådhuset der mellom anna kriseleiinga i kommunen sit, seier ordføraren.