Hopp til innhold

– Blir vanskeleg å finne brannårsaka

Tysdag føremiddag starta politiet arbeidet med å finne årsaka til brannen i ein hurtigladestasjon på Brokelandsheia i Gjerstad.

Odd Holum

Gjerstad-lensmann Odd Holum på staden der ein Tesla brann førre fredag.

Foto: Leif Dalen/NRK

Det er krimteknikarar frå politiet som skal prøve å finne årsaka til at ein Tesla tok fyr på hurtigladestasjonen på Brokelandsheia.

Bilen brann heilt opp fredag i førre veke.

Jens Martin Reiersølmoen

Jens Martin Reiersølmoen er etterforskingsleiar ved politistasjonen i Arendal.

Foto: Sander Heggheim / NRK

Etterforskingsleiar ved politistasjonen i Arendal, Jens Martin Reiersølmoen, trur det vert vanskeleg å finne brannårsaka.

– Utfordrande

– Det blir ein utfordrande jobb. Det er stor skade på bilen og ein god del ting som må undersøkjast, seier Reisersølmoen.

Det er første gang det har blitt ein brann av dette omfanget i ein slik ladestasjon i Norge.

Det var ingen personar inne i Teslaen då den tok fyr fredag. Bilen som brann var ein Tesla Model S frå 2014.

Tesla

Bilen brann heilt opp då den tok fyr på hurtigladestasjonen.

Foto: Elisabeth Grosvold

Måtte droppe vatn

Det er ikkje mogleg å sløkke brann i elbilar med vatn. Brannvesenet måtte difor bruke eit spesielt skum for å få kontroll på flammane.

Hurtigladestasjonen hadde berre vore operativ i kort tid då det byrja å brenne.

– Krimteknikar vil undersøke bil og ladestasjon og gjere undersøkingane som er naudsynte. Så får vi sjå om vi kan komme fram til eit resultat etter kvart, seier Reisersølmoen.

Like før klokken to fikk politiet melding om en Tesla i full fyr på Brokelandsheia.

Sjå video.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Sjimpanser på påskeeggjakt 00:55
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 02 0,87 kr
Dyrest kl. 20 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,2 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %