NRK Meny
Normal

Skal diskutere framtida til Kjevik

Tysdag skal fleire aktørar delta i eit stormøte om framtida til Kristiansand lufthavn Kjevik. Der skal utfordringane til flyplassen drøftast.

Forinskelser på Kjevik lufthavn

KJEVIK: I eit stormøte skal både politikarar og representantar frå Avinor og flyselskap diskutere framtida til Kjevik. (Arkivfoto)

Foto: Erlend Fernandez Stedding / NRK

– Tidlegare har ein hatt lett for å skulde på kvarandre. No sit alle rundt bordet, og då er det mykje lettare å nøste i trådane slik at vi skal få til noko bra, seier stortinsrepresentan Åse Michaelsen frå Framstegspartiet til NRK.no.

Utfordringar

Både stortingsrepresentantar, styret på flyplassen, Avinor, flyselskap, leiinga i Kristiansand kommune og representantar frå fylkeskommunen skal delta i dagens møte.

– Vi skal sjå på utfordringar med til dømes ankomsthallen. Det er lågmål at ein skal komme til ei beverbrakke, for å seie det mildt, seier ho.

– Det er verken Kristiansand eller Kjevik verdig. Heller ikkje passasjerane som kjem til Sørlandet, seier Michaelsen.

Lever av marknaden

Tidlegare har det vore rute til England frå Kjevik. Men marknadsgrunnlaget var for dårleg og ruta vart lagt ned raskt.

– Flyselskapa lever av marknaden. Vil ikkje marknaden ha flyrute eller gjere det slik at flyselskapa ikkje får overskot, skal ikkje det bety at vi skal ta til takke med flyplass og infrastruktur som er dårlegare enn andre flyplassar, seier ho.

– Eg trur nok det er ein spiral i dette. Har du gode areal- og ankomsttilbod på Kjevik, vil fleire nytte seg av tilbodet, og dermed får du eit marknadsgrunnlag for fleire ruter, seier Michaelsen.