Hopp til innhold

Skal byggje hus for bustadslause

Arendal bystyre presenterte planane om å byggje 20 leilegheiter saman med Blå kors for dei bustadslause i Arendal.

Øyvind Grindbakken og Bitten Eikstad

HUS: Øyvind Grindbakken og Bitten Eikstad snakka med politikarane i Arendal om leilegheitsbygget for bustadlause i Arendal bystyre torsdag føremiddag.

Foto: NRK/Svein Sundsdal

– Halleluja! Endeleg skjer det noko for dei bustadslause, som er ei av dei svakaste gruppene i samfunnet, seier Ingrid Skårmo frå Framstegspartiet til NRK.no.

Bitten Eikstad og Øyvind Grindbakken frå Blå Kors fortel at leilegheitene skal stå ferdig sommaren 2012. Totalt er det registrert 30 bustadslause i Arendal kommune.

Rusmisbrukarar

– Vi skal byggje eit leilegheitsbygg på Torbjørnsbu. Etter oppdrag frå kommunen set vi i gang med å utrede eit prosjekt på 20 leilegheiter, som er mynte på vanskelegstillte rusmisbrukarar, som elles har vanskeleg for å komme inn på bustadmarknaden, seier Grindbakken.

Leilegheitene vil bli samla i eitt bygg, der bebuarane får oppfølgjing gjennom heile døgnet.

– Det kan vere positivt rett og slett med tanke på opplæring med å bu. Vi har erfaring med at desse i målgruppa har manglande kunnskap med det å halde ei leilegheit. Då tenkjer eg på å vaske golv, vaske opp, lage mat og stelle seg sjølv, seier Grindbakken.

Informerer naboane

– Vi er opptekne av kva interesser personane har. Det er viktig for å fylle tomrommet som blir når rusen er borte, seier Bitten Eikstad.

Dei to håpar på å unngå naboreaksjonar gjennom å informere grundig om kva som skal skje.

– Vi har tenkt til å ta eit initiativ overfor nabolaget for å informere om kva som er under planleggjing. Vi skal informere om kva vi har tenkt å setje inn av ressursar for å lage eit godt tilbod, seier Grindbakken.

Har fått kritikk

– Det er klart at manglande informasjon er eigna til å skape usikkerheit og vanskelege situasjonar. Vi skal satse på å informere grundig og godt slik at naboane er budde på kva som kjem seier han.

Kommunen har blitt kritisert for at arbeidet med å få på plass leileheitene til bustadslause i kommunen har teke for lang tid.

– Noko av svaret er knytt til anbodsprosessar. Heile bystyret er einige i at det har teke alt for lang tid, seier leiar for omsorgspolitikarane i Arendal, Atle Svendal.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Hvem er NRKs nye ekspert? 00:45
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 23 1,14 kr
Dyrest kl. 07 1,48 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,1 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,6 kr En vask
  • Varmeovn 1,2 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Feb 2023 – feb 2024
    + 6,3 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 5,5 %