NRK Meny
Normal

Desse skal bygge ny E18 for milliardar

AF Gruppen Norge AS skal bygge nye E18 mellom Arendal og Tvedestrand. Dei kjempa mot ni andre entreprenørar om kontrakta.

Video Planer for ny 18 gjennom Arendal

Ny E18 mellom Arendal og Tvedestrand skal etter planen stå klar i oktober 2015.

Foto: Nyhetsspiller

– Vi syns det er gledeleg at norske entreprenørar er konkurransedyktige i marknaden med større kontraktar. Vi har hatt stor tru på at vi ville få ein sunn konkurranse, seier administrerande direktør Ingrid Dahl Hovland i Nye Veier AS til NRK.

Ingrid Dahl Hovland

Ingrid Dahl Hovland er administrerande direktør i Nye Veier.

Foto: NRK

Prosjektet kostar over tre milliardar kroner. Dette er Nye Veier si første totalentreprisekontrakt.

– Vi er glad for at det har vore stor interesse og skarp konkurranse blant kompetente og seriøse aktørar om prosjektet, seier Dahl Hovland.

– Ein stor dag

Konsernsjef i AF Gruppen Norge AS, Morten Grongstad, seier det er ein stor dag for dei.

– Det er ein fantastisk moglegheit. Når eg veit kor hardt og målretta vårt team har jobba er det ein fantastisk artig nyheit å få. Ikkje minst tykkjer vi det er spennande å jobbe med Nye Veier som er ei ny eining, og som har lagt seg klare og ambisiøse mål. Vi ser med stor glede fram til å jobbe i lag med dei, seier Grongstad.

Totalt kom det inn tilbod frå ti entreprenørar som ville bygge den 23 kilometer lange strekninga.

Fire entreprenørar var med i finalerunden. Det var AF Gruppen Norge AS, Skanska Norge AS, NCC Construction AS og Hochtief Infra.

– Eit løft for regionen

Dahl Hovland meiner prosjektet vil bety mykje for Sørlandet.

– Alt av førebuande arbeid som har vore gjort fram til no har vore verdiskapande for regionen. Det vil også vere lokale aktørar som bidreg direkte inn i samarbeidskonstellasjonen som no er sett ned for å gjennomføre arbeidet. Det vil bidra særs godt for arbeidsplassar i regionen når arbeidet skal gjennomførast, seier ho.

Det stadfestar konsernsjefen i AF Gruppen Norge AS. Truleg kan det bli over tusen arbeidsplassar totalt.

– Alle slike store kontraktar gjer store lokale ringverknader. Dette trur eg verkeleg vil bli eit løft for regionen. Vi ser fram til å samarbeide med mange lokale og sterke aktørar i dette prosjektet, seier Grongstad.

1600 lastebillass om dagen

Kruse Smith skal mellom anna vere med på brubygging. I tillegg skal Otera utføre elektroarbeid, medan Norconsult jobbar med prosjektering.

Kontrakten skal etter planen signerast 16. desember.

Vegen skal stå klar i oktober 2019. Det skal mellom anna sprengast 7,5 million kubikk fjell.

– Det er 1600 lastebillass om dagen. Det er ein stor og omfattande anleggsjobb, seier Dahl Hovland.