Bruker millionar på skredsikring

Bykle kommune skal bruke opp mot fem millionar kroner på rassikring av fjellet Hovdenut der ei hyttegrend vart evakuert etter snøskred i vinter.

Snøras inne i hytte på Hovden

Ei av hyttene som vart skada i snøskred i vinter.

Foto: Våken Vakt

Ein fersk rapport frå Norges Geotekniske Institutt (NGI) konkluderer med at kommunen bør vurdere sikringstiltak etter snøskredet i vinter.

No lovar ordføraren at dei skal sikre området.

Jon Rolf Næss

Bykle-ordførar Jon Rolf Næss.

Foto: Sander Heggheim / NRK

– Vi må gjere noko med det. Vi kan ikkje ta sjansar. Då kan vi ikkje la økonomien styre det, seier Bykle-ordførar Jon Rolf Næss til NRK.

Kostbart

Det var fredag 16. januar at tre hytter vart treft av eit stort snøskred ved Hovdenut. Hyttene fekk store materielle skader, men heldigvis vart ingen personar skada.

No er kommunen budd på å bruke mellom tre og fem millioner kroner på å skredsikre Hovdenut.

– Vi skal vurdere alternativ, men truleg blir resultatet å setje opp skredgjerder oppe i fjellet. Det er ganske krevjande, kostbart og det er mykje arbeid. Vi må få litt tid til å planleggje det. Men det er mest truleg det som blir resultatet, seier ordføraren.

Det betyr at området ikkje blir sikra til den kommande vinteren. Det gjer at kommunen set inn andre sikringstiltak.

Håpar på normal vinter

– Vi vil ha ekstra skredberedskap. Med ein gong det er i nærleiken av å komme snø nok til at det kan gå skred vil vi ha folk oppe for å sjekke skredfaren, seier han.

Førre vinter var særs uvanleg. Det var langt meir snø enn normalt og store temperatursvingingar.

– Ingen kan hugse at det har vore slike forhold tidlegare. Vi håpar det blir ein normal vinter i år. Då går det greit. Det var heilt spesielt i fjor, seier Næss.

Bykle kommune skal bruke opp mot fem millioner kroner på rassikring av fjellet Hovdenut, der ei hyttegrend ble evakuert etter snøskred i vinter. Men sikringen kommer neppe på plass før neste vinter.
Hytteeigarar får no lov til å gå inn i rasområdet på Hovden. Det har politiet bestemt.

Sjå rasområdet frå lufta.

Bykle Kommune mener de gjorde alt riktig da det gikk snøskred i et hytteområde på Hovden i helgen. Men skredfaren skal likevel utredes videre, for at folk skal føle seg trygge. Created by InfoDispatcher

Sjå reportasje om rassikring.

Trine Beth Rasmussen bur i ei av hyttene som er evakuert på grunn av stor rasfare på Hovden. Ho er ikkje overraska over at snøraset kom.

Sjå intervju med nokre av dei som vart evakuert frå hyttene sine då raset gjekk.