Tertnes vann kampen 27-25 mot eit Vipers-lag som varierte stort i prestasjonane.
– Det var litt surt å tape. Eg tykkjer ikkje vi er så bra som vi bør vere i siste del av første omgang og første del av andre omgang. Men så tek vi oss opp, men det er dessverre ikkje nok, seier trenar Peder Langfeldt til NRK.no.
Laget mangla fire sentrale spelarar, som er ute på grunn av skader. Både Lindy Taraldsen, Katrine Høyland, Birgit van Os og Janne Kjelstrup Olsen slit med skader.
– Vi må tenke på dei vi har friske og fokusere på dei. Eg tykkjer vi er uheldige. Ingen lag i Norge, bortsett frå Larvik, toler seks-sju spelarar ute med skade, seier Langfeldt.
Vipers Kristiansand ligg på 8. plass på tabellen med 12 poeng.