Hopp til innhold

Skadefri veteran klar for ny sesong

Ole Martin Årst hadde eigentleg gitt opp fotballkarriera på grunn av skader. No er han tilbake og kan bli ein av Start sine viktigaste menn i årets eliteserie.

Ole Martin Årst

KLAR: Veteranen Ole Martin Årst er klar for ein ny sesong og svart.

Foto: Kari Løberg Skår/NRK

– Heile det medisinske apparatet har hjulpe meg og har vore veldig opne for individuell tilpassing og lytte til kroppen min. Dei kjenner kroppen min nesten betre enn eg sjølv gjer, seier Ole Martin Årst til NRK.

I oktober i fjor bestemte veteranen seg for å leggje fotballskoa på hylla . Heile 2008-sesongen vart spolert på grunn av skader. Men han gav aldri opp og var tilbake på fotballbana i mars i fjor. Men det blei med to kampar før han igjen vart skada, og seinare bestemte seg for å leggje opp.

Ole Martin Årst, Christian Bolanos og Christer Kleiven

VETERAN: Ole Martin Årst jaktar nye scoringar i gult og svart.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Skreiv under

Men lysta til å spele fotball igjen kom raskt tilbake då skaden var lega og sesongoppkøyringa starta. I slutten av januar i år skreiv Årst under ei eittårskontrakt med sørlendingane.

– Det er han sjølv som kjenner korleis ting er. Å ta hensyn til kroppen hans er viktig, seier fysisk trenar og fysioterapeut i Start, Jørgen Rostrup.

– Litt småpell vil der alltid vere. Men så lenge han klarar å gjennomføre det meste av grunntreninga blir det bra, seier Rostrup.

Ole Martin Årst jubler etter scoring

JUBEL: Ole Martin Årst jublar for scoring i gult og svart.

Foto: Holm, Morten, Nyhetsspiller, Nyhetsspiller / SCANPIX

– Spesielt

I dagens serieopning mot Sandefjor utgjer Årst truleg spissduoen saman med 19 år gamle Mads Stokkelien.

– Eg la opp i fjor og skulle eigentleg sitje heime i godstolen med ein kopp kaffi og følgje eliteserien. Så står eg plutseleg oppi det igjen. Eg skal ikkje leggje skjul på at det er litt spesielt, men desto meir gledeleg, seier Årst.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,6 kr
Dyrest kl. 18 1,95 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,4 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %